Wednesday, August 18

Distre

Eg satte ny personlig rekord i å vere distre igår. Det byrja med at eg gløymte att mobilen heime (nærare bestemt i ein av skoa til Daniel). Deretter jobb og kven veit kor mange slurvefeil (det vil vise seg når kundane ringer inn dei næraste dagane for å klage), for så å dra stuptrøtt på trening med Inga. Vel framme i garderoben på domus viser det seg at eg har gløymt treningstøy også. Og husnøklar. Aaargh.
Litt kjipt å ikkje få trent, men koseligare å komme heim, legge seg, sove i ca 20 minutt og så vere klar for middag på Skillebekk. Deilig indisk middag, med barneselskaps-fråtseri-dessert.


Merker at eg treng søvn, og ikkje kun den skjønnhets-fremmande typen. Men mest av alt treng eg å vere ferdig på jobb og igang med semesteret. Masterskriving. Grøss.

...og ellers er det fint med roser i stova. Skulestart-roser.

No comments: