Wednesday, August 4

Hjernedød

Sånn føler eg meg etter å ha jobba heile sommaren på Tine. Ikkje ein gang rik og hjernedød, siden den skikkelig lønninga ikkje kjem før 20 august og eg må bruke mastercard enn så lenge. Men Berlin er gjerne ikkje den verste byen å leve på lånte pengar.

Men tilstanden blakk og forelska er ikkje så kjip (kanksje kun overgått av rik og forelska). Daniel kom nemlig heim frå ei vekes Star Craft 2-eksil og han hadde med gåver som plaster på såret, som denne:



Vi har forresten fått klarsignal frå styret i sameiet, og vi står på venteliste hos nokon som skal ha valpar i september!

No comments: