Begge barna har sunge nasjonalsangen i barnehagen den siste veka. No får dei begge til melodien og mesteparten av orda. Eit av dei finaste minna frå gårsdagen var når barna forsvann under kjøkkenbordet og sang Ja vi elsker i kor medan vi år frukost.
Etter frukost gjekk vi opp til krysset mot Grav skule og fekk sjå både toget frå Grav og toget frå Steinerskolen.
Litt leiking under treet bak huset
Etter sovinga til Magnus kjørte vi tvers over Bekkestua og heim til Kenneth og Rannveig. Det var vi 11 barn under seks år, og 12 voksne. God stemning, leikar, sol og kos.
I femtida kjørte vi heim igjen og blei med på 17maifeiring i nabolaget. Akkurat i tide til å ete kake, bli med på rebusløp for barna, sjå fotballkamp og vere litt sosial. Og til slutt, etter begge barna var lagt, rakk eg to glas rødvin på verandaen til Camilla og Thor. Innholdsrik og koselig 17 mai.





No comments:
Post a Comment