Tuesday, June 25

Stor bølge (liten bølge)

I ettermiddag kom vi heim frå ei langhelg i Arendal og Kristiansand og Magnus har fått dilla på denne sangen - særleg etter båtturen med Onkel Einar idag.

Magnus var ein del redd, men blei tøffare etter ein pause og utforsking av ei øy.
Frida var generelt tøffare gjennom heile helga, også på dagens båttur.

Helga starta med sol og køyring mot Arendal. Her stoppa vi langs vegen ved Bamble.
Vel framme på Barbu Brygge venta Ingvild, Eivind og Thorvald, ei heilt ny leilighet og ein koselig småby å utforske. På søndagen venta Dyreparken.

Tidlig krøkes som god Dyreparken-kjenner skal bli.


 Kutoppen var stor suksess, saman med jungelbob, tømmerrenna og Hakkebakke-toget.
Og etter ein litt slitsom slutt på dagen sa vi hadet til Ingvild, Eivind og Thorvald, reiste heim til onkel Einar og tante Marie på Hisøy og lada opp til andre og siste dag i Dyreparken.




Gårsdagen var ikkje like varm som søndagen, men Frida og eg gjekk endte likevel opp med ein tur i Badelandet, noko eg angrar litt på i kveld....Satser på at denne forkjølelsen ikkje varer like lenge som den forrige (for eksempel 3 dagar istedenfor 3 veker).

Elles har kveldene vore prega av sein og vanskeleg legging, så no er det fram med Misvær, Sove-Karin eller kva som helst.

No comments: