
Kva kan vere bedre, etter ein lang dag på datalab med oppgåve, som ein ikkje får bra til, enn å komme heim, åpne døra til soverommet og Voila:
Alt rotet er borte. Senga er oppreidd, golvet støvsuga, vinduet på gløtt og alt er gjort av ingen ringare enn lillebror Martin!
Var nesten sånn at mista munn og mæle(om det uttrykket nokon gang skal brukast, må det vere her og no). Tenk at Martin.... Ufatteleg. Ufatteleg bra. Ingvild kunne supplere med eit referat av hans kommentar: "Eg skjøner ikkje at ho kan leve i alt det rotet". Jaja.
No gjenstår berre oppgaveskriving. Mykje oppgaveskriving. (føles som om Arctic Monkeys er the soundtrack of my life)
No comments:
Post a Comment