Wednesday, April 26

Flinkjenteveke




Var(tydeligvis) på Ullriken på mandag. Trudde aldri eg skulle greie det, men det gjekk faktisk ganske bra. Slitsomt; sjølvsagt. Men framfor alt bra. Tok passeleg lang tid, blei svett, deretter kald og til slutt skjelven. Kan ikkje skjønne at eg har venta så lenge med å gå opp dette fjellet. I framtida vil eg gjere det ofte, når det er fint ver. Dvs, kanskje ikkje så ofte, men fleire gangar i det minste.

Igår møtte eg Ingrid, og gjekk på Spesial med ho(hadde heilt gløymt at det nettopp vart stengt av matvaretilsynet, men det betyr sikkert berre at det er reinare der enn på lenge). Utrulig bra å diskutere filosofi, psykologi, kjærleik og bygde(grøfte)fyll- Nesten litt synd å måtte gå vidare til Kvarteret, men veldig koselig der igår. Wallace liker sjølvsagt Wensleydale.

No er eg nervøs. Teite meg.

No comments: