Mamma og Pappa har ein slags uvane der dei inviterer folk som elles gjerne ikkje passer inn i dei fleste sosiale kontekstar. Desse invitasjonane dreier seg ofte om middag på høgtidsdagar. I dette tilfellet blei det utsatt frå 1 påskedag til 2 påskedag, men gjesten var den same:den særdeles ustabile organisten Øystein. Eg kan kanskje skildre han.
Mamma påstår at Øystein er i byrjinga av 40åra. Av utsjånad kan det sjå ut som han har passert 50. Han dunstar av tobakk og tek seg ofte turar ut for å røyke. Dette gir seg utslag i nær konstant røyk hark og hosting. Æsj. Han legg stadig på seg. Idag hadde han kneppa opp dei tre-fire nederste knappane på skjorta, så vi var alle meir eller mindre frivillige vitne til magen/vommen hans. Latteren hans er kanskje det verste. Den er høg, skingrande, buldrande og psykotisk. Han ler av nærast alt han sjølv seier. Einaste gangane latteren stilnar, er når han merker at ingen andre ler. Dette merker han sjelden raskt, men når det først går opp for han kjem gjerne ein kommentar som "no trur dei vel alle at eg er dum. La gå, eg er litt dum". Så eit sukk eller eit nytt latterbrøl.
Det skal seiast. Det er synd i Øystein. Litt i alle fall. Dei fleste høgtider blir han innlagt på psykiatrisk. Men eg greier ikkje ha sympati med ein ekkel ekkel ekkel mann som ser sultent på og forjeves prøver å sjekke opp jenter på 16-17 og forøvrig også fordi.... vel. Eg kjem til det.
Vi sit rundt spisestuebordet. Med vi meiner eg mamma, pappa, mine brødre, to kameratar av broren min og sist(men så absolutt ikkje minst); meg sjølv. Middag er konsumert. No står dessert for tur. Ostefromasjkake, stikkelsbærdessert og marengs med krem og jordbær. Nam. Det er kanskje litt stille rundt bordet. Kanskje fordi folk et, kanskje fordi ein ikkje har noko interessant å snakke om lenger. Mamma prøver å få i gang litt samtale, og spør om Øystein har dvdspelar. Han nikker og seier at han har videomaskin. Mamma smiler og spør om han då ser ein del film. Han svarer at han ser myyykje på film. Så lener han seg framover og stønner tydeleg fleire gangar. Så ler han. Det blir stille rundt bordet. Eg og guttane ser forlegent på kvarandre. Forlegne på hans vegne. For ein eller annan grunn tenker Øystein "ah! dette slo jammen godt an. Trur eg gjentar det for den andre enden av bordet, der ungdommane sit. Kanskje kjem dei til å synes eg er enda kulare då". Han gjentar det. Kvar bokstav, kvar lyd, kvar gest. Det blir enda stillare. Sånn at vi kunne hørt det om nokon hadde sluppe ein svamp ned i ein sakkosekk i kjellaren. Sånn ca. Han føler tydelegvis at tida er inne for å invitere det høgst ufrivillige publikummet inn i hans samtale. Mora mi blir stilt spørsmålet av alle dessert-i-presteboligen-på-andre-påskedag-spørsmål;
Kva synes du om porno?
Heilt stilt. Musestilt. Den absolutte tystnad. Mamma svarer at ho ikkje har noko forhold til det. Han strekker seg litt bakover i stolen. Seier at porno kanskje er litt dumt. Klappar seg på magen og kjem med punchline'en
Men eg syns det er fint med litt porno av og til.
Herregud. Det var som å vere på settet til the Office. Er ikkje sikker på om David Brent ein gang ville laga slike stønnelydar.
No skal eg sove. Prøve å fortrenge alt saman. Sove som ein katt i den lange natt. Sånn ca.
2 comments:
hahahahahaha. Har intete mer å si enn det. Gleda mæ til du fortell mer om Øystein.
Ja. Stakkars fyr. Eventuelt litt stakkars meg.
Det viser seg at han har såpass med selvinnsikt at han hadde spurt faren min senere den dagen, om han hadde "gått over streken".
Goddamnit. Nettopp!
Post a Comment