Igår var jentene i mitt kjøkken på studentheimen (i vårt Stockwerk) invitert til Stockwerkessen hos eit guttekjøkken i andre etasje. Alle kjøkkena må arrangere, finne eit tema og lage mat. Temaet igår skulle vere After Ski Haserl.
Så eg og Katharina laga hare-øyre, som funka så lenge som vi gjekk med lue (som ikkje varte så lenge). Men det var veldig koselig og gøy på ein tilbake-til-21-års-alderen-måte. Det som ikkje var så koselig, var slutten av kvelden. Plutselig spaserer to politimenn inn på kjøkkenet, ber oss skru av musikken og ber så om å sjå alle sine ID-papir. No har eg aldri vore på ein fest der politiet blir tilkalla før, men ser ikkje for meg at norsk politi tar seg tid til å notere namn og opplysningar om samtlige festdeltakerar. Fekk etterkvart vite at dette er heilt vanlig kost her. Både at politiet alltid noterer seg alle sine opplysingar, og at dei kjem og avsluttar dei fleste Stockwerkessen og andre festar her i Wohnheimen. Men kan ikkje vere så altfor misfornøgd med politiet her - dei har nok i alle fall litt av æra for at München er ein av verdas tryggaste storbyar.
Meir Studentwohnheim-nytt. Slik ser innkallinga til Kjøkkenmøte på Daniel sin gang ut. Floor Food ser litt mystisk/hipt ut, men er ingen av delene. Det refererer til korleis fat, glas, kasserollar osv som blir forlatt uvaska på kjøkkenbenken, blir flytta til golvet i gangen og at det etterkvart har blitt ganske fullt av Floor Food i gangen. Jentekjøkkena er ikkje alltid ( = nokonsinne) spotless, men dei framstår som fantastiske samanlikna med guttekjøkkena.
....prøver å få julestemning ved å ete Stollen, åpne kalenderluker, høyre på julelista mi på spotify
Og sjå på desse jule-teikningane.
Og om to veker er vi i Grebo, et marsipan, knäck og kosar med gamle, nervøse Charlie, som gjerne saboterer etter beste evne når han skjønner at nokon skal dra frå han:





No comments:
Post a Comment