Thursday, June 22

Om att og om att

Pakkehelvete x2.

Alt eg treng dei neste to vekene. I ein sekk. Ikkje ein altfor stor sekk heller. God damn.
Dessuten har ipod klikka, men snille, vene, vakre, veslebror lar meg låne sin. Mens han prøver å fikse min. Sweet:)

Gler meg veldig til Bodø. Familiefest og Ida; kva kan vel vere betre? tja... Oslo med Tuva, Jens Martin og Even. For ikkje å gløyme Roskilde. Idag fekk eg ordna telt, til og med. Ting skjer.
Først og fremst er det sjukt herlig med ferie. Såpass herlig at eg har lyst til å sitere Cliff Richard. Men av hensyn til andre... vel eg å spare på klisjeane.

Håper ikkje vi får motorstopp imårra. Og håper Pappa sovner på veg opp på Strynefjellet, slik at eg kan prøve å bryte lydgrensa. Sånn ca.

1 comment:

herregud said...

jeaaay :)