Thursday, August 10

Kicking Television

Har endeleg fått tak i den plata. Høyrer på den så ofte og høgt som mogleg. Livet mitt føles pittelitt meir komplett.

Fjerdesiste dag på jobb idag. Merker at eg er så utrulig klar for å vere ferdig. Orka knapt gjere noko idag. Tenkte berre på Bergen, guttar, venninner og Wilco.
Apropos hausten og alt den måtte medføre; ting er forvirrande. Surrealistiske og vanskelige og fine og spennande og sjuke.

Men det ordnar seg sikkert. Det er trass alt mindre enn ei veke til eg skal drikke øl på hulen igjen.

Og ja, kjære Ida; liste skal bli:
  • Filmklubb. Tenk så kultiverte og kule vi kjem til å bli. Også så kjekkt.
  • Hulen. Sjølv om Welhavensgtresidensen no er bortevekk; det er ikkje langt gjennom Nygårdsparken.
  • Italiensk. Kanskje. Fikk veldig lyst til å berre prøve meg på noko slikt, og tenk å vere klassevenninner.
  • Universitetsbiblioteket og matpakkeprosjekt.
  • Rekonstruksjon av den perfekte sommerkveld med reker, kvitvin og bra folk.
  • Gå på polet. Spleise på vinkartongar, diskutere om vi skal kjøpe inn ingrediensar til drinkar, men komme fram til at Ida på sprit blir litt sånn... hm. Eller kanskje...?
  • Gå turar. Både sånne med bratte bakkar og utsikt, som dei der vi berre går for å gå og sjå på hus og folk. Snakke, utlevere, kødde, le, ete is og finne fine plassar.
  • Trene (litt). Berre sånn passe, sånn at vi får god samvittighet og blir herlig slitne. Så kan vi gå på butikken og kjøpe leverpostei etterpå.
  • Teselskap. Vere veldig ladylike(du må forresten sjå "Little Britain", sånn at vi kan sitere det) med te og kake og sånn. Siviliserte.
  • Middagsselskap. Teste ut fancy og/eller gode ting, invitere nokon få folk, kose oss. Eg har jo stort kjøkken no .
  • Kjempefulleselskap. Med øl, eller vin, eller heilt andre ting.
  • Dagen derpå-sosialisering. Du veit; grønne eple og lolipop push.
  • Spillkveldar på kvarteret eller Strædet eller andre plassar som er koselege og har spel.
  • Kanskje kanskje kanskje singstar hos dåkke. Må isåfall vere singstar-nachspiel, etter at naboane dåkkas har hatt technohorefest.
  • Keen på å dra til Tyskland? Eg trur eg vil, og da kunne vi kanskje reist sammen? Må besøke Anders og Jens Martin.
  • Gå på nokre fine, velvalde konsertar.
  • Lage superduperpizza, Idas uforglemmelige kylling og pastasalat, gulerotkake.
  • Glede oss til bursdagsfeiringar. Trur eg må vere i byen denne gangen.

Puh. Kanskje eg kan fortsette ein annan gang:)

1 comment:

herregud said...

ach... Ka kan æ si..? perfect! Bergen, here we come. :D