Det er blåaktig tåke ute, men på ein meir diskret måte enn i Bodø. Her anar du den berrre, bakom fjella. I Bodø ligg den som ei lystett gardin(slik som under krigen) over fjelltoppane. Nok om det. Poenget er at det er fint ute. Eg og Isabelle gjekk ned til stranda, vassa, spytta og sette oss på ein stein medan føtene tørka i den vindstille kveldslufta.(pustepause) Kveldsturar er fine ting. Kveldsturar med Isabelle.
Dagane går med til jobbing. Igårkveld var det personalmøte. Eg merka at eg muligens var overtrøytt; holdt på å briste ut i latter over ting eg såg for meg. Mine uuttalte innfall. Som når sjefen seier "dei konsertbillettane kan de slå inn på den vanlege billettasten. Fint om vi samlar alle billettar på ein tast". Fekk lyst til å foreslå å berre slå det inn på akkurat det vi hadde lyst til, for å skape litt spenning. Eit anna innfall var å tilsynelatande vere ivrig og konsentrert tilhøyrar medan sjefen legg ut om oppgjersrutiner, medan eg i realiteten fokuserer på fluga på armen hennar. I akkurat den rette augneblinken kunne eg langa ut med flugefangaren, slå til sjefen. Anyway. Mogleg det kun er i mitt hovud at dette er morosamt. Mykje mogleg.
Eg jobbar på Eikaasgalleriet no for tida. Lite gjestar, ingen kolleger. Dermed alle postkorta. Dessuten har eg endeleg byrja på "Forbrytelse og Straff". Den virkar ganske bra så langt. Er all grunn til å tru at den ikkje berre virkar, men faktisk er ganske bra. Likevel fortoner den seg som eit slags evighetsprosjekt; 760 sider. Men kva er det eg seier; eg skal jo jobbe på Eikaasgalleriet. Og bu i Naustdal. Sommaren kjem til å vare evig.
1 comment:
koko :)
Post a Comment