Eg, Ida og Ole på ein akkurat litt for liten pult. Plutseleg ringer mobilen til fyren på pulten framfor oss. Han sit og skriv ein eller annan stil. Ringetonen er ganske høg og utruleg stygg-kjip.
Han reiser seg og tek telefonen medan han går bortover mellom bokhyllene. Vi ser på kvarandre. Onde idear byrjar å ta form. Min: Slette teksten hans og tømme papirkurven på pcen. Når han kjem tilbake står det ei linje på skjermen framfor han; "sånn går det når du ikkje skrur på lydløs. Fucker". Såg for meg dei store, skuffa-hundevalp-augene.
Men neida. Ole turte ikkje. Ikkje eg heller, for den saks skyld.
Buzz igår var heilt fantastisk kjekkt. Særs kjekkt å vinne, sjølvsagt. Men det blei så seint. Så seint at enkelte ikkje kom seg opp og på skulen.... og for ein gangs skuld var det ikkje meg. :D
Camel toe = når kjønnsleppene til ei jente viser på buksa. Rart kva ein kan lære frå ein Nicholas Cage og Michael Caine-film.
Idag føler eg at eg ser det overalt, til og med på guttar. Ordet minner
meg forøvrig om ei historie Tuva fortalde meg. Tuva er i ein femtiårsdag.
Ved bordet hennar sit ein feit mann på femti pluss. Det vert servert
pappvin. Mykje pappvin. Mannen vert stadig fullare. Plutseleg kjem ein vits: "Har du hørt om jenta som hadde så trange bukser at du kunne lese på leppene?".
1 comment:
hohohhihihihAHAHA. Arti dag på bib. lodde til neseboran flagra og va på randen av å spurte ut i full panikk.
Post a Comment