Quizen på Kvarteret igår var kjempefin. Eg klarte å kjenne igjen La Traviata+ litt til. Dermed vanka det konsertbillettar og crispo. Fint. Legal for å møte Even etterpå var også temmeleg fint, sjølv om det blei litt kort, og edruelig.
Å komme inn i flink student-modus er vanskelegare enn venta, sjølv om bacheloroppgåveinnlevering nærmar seg med stormskritt. Har nesten ikkje lese noko, og om ei veke skal første utkast vere levert. Eg gruer meg for å ta kontakt med veiledar, og for å lese og skrive. Det er så mykje, så interessant men først og fremst så mykje jobb. Dessutan amerikansk litteraturpensum. Las Herman Melville's "Bartleby, the Scrivener" igår og kjende meg særs flink. Likevel er det kun toppen av isfjellet(ikkje verdas mest originale metafor, men temmeleg treffande).
Ellers går dagane og nettene med til Øystein. <3
Ting går så bra at eg ikkje heilt klarer å tru på at dei skjer. At det kan vere så bra. At eg kan ha det så fint. Underlig. Og fantastisk.
No comments:
Post a Comment