Friday, September 29

Rot og ryddighet

Eg har rydda rommet mitt denne veka. Såpass lite lyst hadde eg til å lese pensum, at eg faktisk rydda rommet. Det er framleis ganske ryddig, sjølv om eg rydda så tidleg som for to dagar sidan. Følelsen når eg kjem inn på rommet mitt er betraktelig bedre enn den pleier å vere. Alfabetisert cdhylle, skittentøyskurv og oppreidd seng.
Men likevel. #¤%"#¤?!"§@$]. Eg finn ikkje husnøklane. Brukte dei sist igår på dagen. Har byrja sjå for meg alle moglege konspirasjonar mot meg. Nokon som vil fucke med hovudet mitt ved å gøyme eller stjele nøklane.
Kanskje eg bør sjå i undertøysskuffa mi. Det var jo der eos-kameraet låg.

Dagens mål: kanskje kjøpe meg ipodnano. Fekk Martin sin i posten igår, og den er så sinnsjukt fin! Veit, min er ikkje meir enn eitt år gammal, funker fint, men likevel. Ny ipod er så uimotståeleg. Apropos uimotståeleg. Skal snart møte Øystein. Gå ut og ete middag, henge, dra på innflyttingsfest hos Ann-Kristin og Kristen. Sweetness.

1 comment:

herregud said...

howdyhowdy. æ gleda mæ sånn til ikveld! Det va et høydepunkt å møt dæ og øystein i går. Vi va alle så gira (eller var det øl-antennan som fikk mæ til å tru det...?) well well... Dokker e så koselig :D
Nu skal vi på akvariet og send en lørdagshilsen til pingrid aleksandra.

*kozepå*