Monday, October 2

Dagen derpåderpå

Søndag har vært høstens store dagen derpå. Kan ikkje hugse sist eg var så dårlig. Men eg skjønner på ein måte kvifor.
Helga har vore veldig bra. Veldig sosial, forfylla og generelt bra. På fredag var vi på innflyttingsfest hos Kristen og Ann-Kristin. Koseleg, trass vasslekasje på badet. Og merka veldig kor forelska eg er. Fin tur tilbake til byen, mat på festplassen(og sjalu&sultne forbipasserande). Helgas lågpunkt var ein veldig bra film på lørdag. Eg og Øystein såg "Requiem For A Dream" på formiddagen, og eg blei så uvel som eg aldri før har blitt av ein film. Sjølv om han var god og ba meg sjå bort når det blei lurt. Heldigvis hjalp Bonderomantikk og lasagnemiddag. På kvelden hadde vi Rorbuavorspiel. Lite er som å høyre ei 82 år gammal kvinne fortelle om brannslukkingsapparatdildo.Kvelden endte plutseleg ved at eg fann det for godt å dra heim i totida, og istadenfor å få med meg nokon heim eller gå den trygge vegen; beina eg igjennom Nygårdsparken. Det gjekk heldigvis bra, men mine oppringte nummer tyder på at eg var redd.
Søndag merka eg kor fantastisk det er å vere fyllesjuk Hanna, så lenge eg har Ingvild og Øystein. <3Innkjøp av Cola og iskrem, skifting av sengetøy og generell godhet.

No comments: