Wednesday, October 4

Massachusets

var eitt av dei rette svara våre på Quizen igår. Som vi vant. Igjen. Og det var minst like kjekt denne gangen. Er så fantastisk å høyre opplesaren lese alle andre navn enn vårt. Nr tre, nr to (og idet vi skjøner at vi ikkje er nummer to heller, bryt vi ut i jubelrop)...!

Elles slit eg idag med eit par ting:
  • Er trøytt. Vi greier aldri legge oss tidlig nok.
  • Må skrive oppgåve men vil mykje heller lese og skrive mail.
  • Skal på badmintontrening, men finn(for n'te gang) ikkje husnøklane.
  • Vil ikkje sjå Saw 2 ikveld. Ikkje Snakes on a Plane heller.

Men er framleis lukkeleg over quiz og måltidet før; Steinbit på Spezial. Fantastisk. Dessuten har eg nokre tekstlinjer på hjernen:

And if a double decker bus, crashes into us

1 comment:

herregud said...

Appropos Morrisey og yndelingssang. Her e den; "Hector was the first in the gang with a gun in his hand, the first to do crime, the first in the gang to diiiiieeeee"