Thursday, October 12

Teksten din er levert

Ah. Dei fantastiske orda. Dei einaste fantastiske orda, forøvrig, for teksten min blei langt frå fantastisk. Ikkje så veldig lang heller, men 3700 ord er vel greit når eg hadde 1300 då eg kom på skulen igår, og skreiv ca 2000 ord mellom klokka fem og ni. Eg sat på biblioteket i 12 timar igår. Nokre pausar, sjølvsagt, kanskje 1-2 timar tilsaman. Men likevel. Er litt imponert over meg sjølv. Oppgava skulle sjølvsagt vore betraktelig lengre, men eg trur det er greit som andreutkast. Sånn ca i alle fall. Sjølvsagt er det store hol, konklusjonen passer ikkje heilt saman med problemstillinga, men eg satser på at mine medstudentar og kommentatorar ikkje bit seg altfor godt merke i det. Endeleg innlevering blir betre.

Det var heilt fantastisk fint ver igår. For ein samansvergelse mot oss som måtte sitte og skrive. Å sjå opp mot Fløien, ein av dei siste fine haustdagane. Det beste var kanskje å gå heim klokka ni den kvelden, og finne den perfekte låta på ipoden min, skru den høgt opp, gå fort gjennom dei kalde gatene og kjenne meg fantastisk letta:
Malcolm Middleton - Autumn
Det var fucking cold, slik som han seier.

Idag skal eg sikkert lese eindel engelsk. Det ville vore lurt. Elles skal vi lage biffstrimlar og sånn til middag, og gjerne spele buzz ikveld. Håper Ida og Ole også vil det.
Merker at lesesalmodus ikkje er så langt unna. Heldigvis.

3 comments:

herregud said...

hei igjen. ja, æ gjør alt for å utsett skrivinga. Egentlig går det ganske fint. Har jo skrevet alt før. hoho (eheheheeee). Har spurt om utsettelse på leveringa. Anyways. Dagens forslag: ka om du tar med vaffeljernet og va laga vafla og spilla buzz?? jaaaa! genialt! Har du brunost?

herregud said...

ps: æ har glemt mobilen min. TA-TAA! Ole kalla det klassisk Ida. kom bort, min vårblomst. Sitt nede.

herregud said...

jamen æ vil ha VAFFEEEEEEL!!!! VAFFEL!
du får plass hvis æ får VAFFEL!Ole og æ sitt ved samme bord. Vi kan nok skvis dæ inn.