Tuesday, October 17

backgammon 'til you just can't backgammon no more


Sit på biblioteket med Ida. Det er ein fyr litt framfor oss som sit og spelar backgammon. I timesvis. Han tar seg ein liten pause for å kjøpe mat, og istaden for å ete maten i kantina som normale folk, tar han den med seg ned hit til pcen. Ikkje eit backgammonsekund må gå tapt. Lurer på om han i det heile er student.

Eg kommenterer eit andreutkast til bacheloroppgåve idag. Merker at onde oppgåveslaktar-sadist-Hanna er tilbake. Men kva forventar han når han forvekslar komposisjon med kompensasjon, lesser på med orddelingsfeil og ulogiske setningar. Men eg er stort sett snill. Og har ikkje lese gjennom heile teksten enno. Anar berre at eg ikkje kjem til å rose den opp i skyene.

Elles gler eg meg til bursdagen min. Big time. Berre litt over 2 veker igjen.

3 comments:

Anonymous said...

e du på last.fm for tida?
æ har anbefalt ting til dæ.
men æ skjønna ikke helt korsn det funka.
har ikke satt mæ inn i det der nye så mye.

kos olem

Hanna said...

åj. Eg har så lite internett på maskina mi at eg ikkje får vært der. Men når eg får fiksa det, kjem eg til å sjekke det ut.

koz

herregud said...

AAARGH. Førr en fyr asså, også foreleseren i dag i tillegg. Korsn skal det gå med verden? jejeje. bra film idag? *kjøss*