Sunday, November 19
Sus og dus
Soverommet mitt var svært, større enn stua i Nygårdsgata. Svære klesskap med speil utanpå. Badet hadde eit eige dusjrom, med skyvedør og tente stearinlys og varmekablar og utsøkte fliser. Kjøkkenet og stua var tipp topp. Svær tv, oppvaskmaskin, store vindu, spisebord, gode sofaer og parkett overalt. Ååå. Det gjer så vondt å ikkje ha råd.
Idag skal eg skrive semesteroppgåve i engelsk. Den tel 60% av karakteren min i engelsk, og eg har utsett den til idag. No utset eg den litt utover dagen. Har ideane, orker berre ikkje gå igang med å skrive. Gler meg til å vere ferdig med oppgave. Og til middag. Og til å gå ut på fredag. Det føles som om eg har venta i overkant lenge. Heilt siden bursdagen min.
Okey. William Faulkner og Arthur Miller; here goes nothing.
Thursday, November 16
Å bli voksen
Har finlese, ordna pensumliste, fiksa fotnotar og hatt sommerfuglar i magen heile dagen. Eller, dei fire siste timane. Det kjennest uvirkeleg å ha levert. Eg kjem til å få ståkarakter, så dermed er eg egentlig ferdig med ei utdanning. Ein bachelorgrad.
No ventar ein kveld utan dårleg samvit og stress. Martin blir med meg opp på Haukeland, så blir det mat, film og spel. Forhåpentlegvis. Og å sove lenge imårra. Før eg går igang med engelskoppgavehelvete. Som sansynlegvis ikkje blir så veldig helvete-aktig. Har ikkje så mange hundre ord att å skrive. Korleis er det mogleg at eg ligg såpass godt an? Meg. Etter dette semesteret, det skulearbeid på ingen måte har vore førsteprioritet.
I'm picking up good vibrations
Tuesday, November 14
Brødbaking og oppgaveskriving.
Dagane går med til å tenke på å skrive. Slik som igårkveld. Eg sat i senga, laptop i fanget, nokre twist i handa og Ingvild kom inn. Eg såg kanskje arbeidsom og disiplinert ut, men kunne forsikre om at eg spela edderkoppkabal. Apropos senga: føles som om eg lid av konstant søvnunderskot. Hosting og harking og ipodquiz er ingen heldig kombinasjon.
Snart kjem Ida. Vi skal ete den fantastiske lunchen eg har laga til oss. Seinare skal vi på quiz. Det blir kult.
Friday, November 10
Grønsåpelukt
Noko eg derimot ikkje er ferdig med, er oppgåveskriving. Idag er det ei veke att til endeleg innlevering av bacheloroppgåva. Eg er ikkje stressa, samstundes som stressmangelen stressar meg.
Gladsaker:
- Har funne att dvdkontrollen. Den var borte i over ein månad, og eg fann den innerst mot veggen, bak bokhylla.
- Fann dei blåkvite joggeskoa mine over dvdkontrollen. Dei same skoa som eg har fått Martin til å endevende huset heime etter. My bad.
- Det trådlause nettverket funkar fett.
Kjipe ting:
- Har måtta seie nei til både trønder(karsk og pølse-)fest + ein laurdagsfest. Fordi eg skal vere flink jente.
- Må snart betale 3000 kr i linsepengar.
Midt i mellom-ting:
- Tanken på å flytte.
Ny yndlingslåt:
Andrew Bird - A Nervous Tic Motion of the Head to the Left
Sunday, November 5
Feel Good Moment of the Year

For ei fantastisk helg. Alt har vore så utruleg fint. Fredag fekk eg spelt badminton, noko som var kjekkt og bra sjølv om eg var veldig dårleg. Lørdag blei det familie og handling på dagen. Festen var dagens store høgdepunkt, og i år blei eg så ufattelig godfull. Alt blei akkurat så bra som eg hadde håpa. Fine gjestar, gåver, vin, musikk og Hulen (tenk av Øystein gjorde det han aldri gjer. For meg. På bursdagen min. <3 )
Bursdagen min ja. Litt rusten oppvåkning og påfølgande rydding og vasking. Aiaiai. Overraskelse på rommet til Ingvild, frukost for fire, familiebesøk og good times all around.
Den treretters middagen blei vellukka, tp-speling og kakestykker(både små, mangefarga i plastikk, og mørk, smakfull og nonstop-dekka).
Alle som gjorde feiringa til det den var: tusen takk(you know who you are).
Friday, November 3
Collapse the Light into Earth
Ikkje at Bergen er identisk med jølster, men himmelen var ca slik igårkveld. Ann Kristin er flink til å ta bilder :)Må vere noko av det finaste ein kan høyre på på veg heim frå skulen, ein tidleg vinterkveld. Denne veka har vore langt frå så produktiv som den skulle vore. Dei neste vekene(det er jo berre to igjen til innlevering av historieoppgave) må bli annleis. Ingen filmar, lite sosialisering. Lange dagar og kveldar framfor datamaskina og microsoft word.
Idag skal eg vere litt flink. Lese og planlegge skriving. Rydde rommet kanskje? Ta buss til Tertnes og gå på badmintontrening, kjøpe inn festingrediensar og sånn. Gler meg så sinnsjukt til imorgon og overimorgon. Eg er som ein femåring på veslejulafta.
Monday, October 30
Knus knas
Men elles var helga i Oslo kjempebra. Prating, shopping, indrefilet, sushi og kebab, øl & vin, Btiz, Apotheket, innflyttingsfest, te, musikk, latter og generell kvalitetstid. Alt gjekk kjempefort. Turen tilbake igårkveld også, faktisk. Merker at eg les meir konsentrert når eg ikkje har mobiltelefon. Likevel skal det bli fint å skaffe seg igjen. Eg har lese ca 250 sider historiepensum på togturane denne helga. How do you like them apples?
Uansett kor bra og kjekkt det var å vere i Oslo, var det veldig fint å komme heim. Sommerfuglar i magen, smil(både utanpå og inni) og Queen's "Good Old-Fashioned Loverboy" minna meg på kor digg det skulle bli å bli møtt på perongen. Og det var absolutt så bra. Litt kult å vere annleis; kort hår, ny vinterjakke. Sånn at eg visstnok ser yngre ut. Ingen grunn til å freake ut over snart å bli 22 altså.
Tuesday, October 17
backgammon 'til you just can't backgammon no more

Sit på biblioteket med Ida. Det er ein fyr litt framfor oss som sit og spelar backgammon. I timesvis. Han tar seg ein liten pause for å kjøpe mat, og istaden for å ete maten i kantina som normale folk, tar han den med seg ned hit til pcen. Ikkje eit backgammonsekund må gå tapt. Lurer på om han i det heile er student.
Eg kommenterer eit andreutkast til bacheloroppgåve idag. Merker at onde oppgåveslaktar-sadist-Hanna er tilbake. Men kva forventar han når han forvekslar komposisjon med kompensasjon, lesser på med orddelingsfeil og ulogiske setningar. Men eg er stort sett snill. Og har ikkje lese gjennom heile teksten enno. Anar berre at eg ikkje kjem til å rose den opp i skyene.
Elles gler eg meg til bursdagen min. Big time. Berre litt over 2 veker igjen.
Thursday, October 12
Teksten din er levert
Det var heilt fantastisk fint ver igår. For ein samansvergelse mot oss som måtte sitte og skrive. Å sjå opp mot Fløien, ein av dei siste fine haustdagane. Det beste var kanskje å gå heim klokka ni den kvelden, og finne den perfekte låta på ipoden min, skru den høgt opp, gå fort gjennom dei kalde gatene og kjenne meg fantastisk letta:
Malcolm Middleton - Autumn
Det var fucking cold, slik som han seier.
Idag skal eg sikkert lese eindel engelsk. Det ville vore lurt. Elles skal vi lage biffstrimlar og sånn til middag, og gjerne spele buzz ikveld. Håper Ida og Ole også vil det.
Merker at lesesalmodus ikkje er så langt unna. Heldigvis.
Wednesday, October 11
"Tror du kommer til å måtte schtekk å pess en hel del etterpå"
Eg har med meg russian earl grey, peach & passion fruit, raspberry & echinacea-te på biblioteket idag. Førre veke åpna Tove augene mine for det geniale her på universitetsbiblioteket; å kjøpe krus med varmt vatn til 3 kr. Dermed har eg med meg seks teposar i dag. Alt er klappet og klart for oppgaveskrivingsmarathon.
Men diverre har ikkje forbredelsane mine sålangt resultert i noko storstilt tekstproduksjon. Heller tvert imot. Merker at eg er så ukonsentrert og udisiplinert og dagdrøymande som aldri før. Tenker på Paris, bursdag, jul, konsert, heimelagavinfest, lørdagen, amerikansk litteratur(Arthur Millers "Death Of A Salesman" ++), veiledningstime uten å ha lese den ovan nevnte litteraturen, iskaffi, Camel, pubquiztap, legetime, sol, Fløien, matboks, romrydding, Razorlight, Filmklubben osv.
Eg høyrer mykje heile album idag. På ipod og Idas Itunes. Sålangt:
Wilco – Kicking Television (disc 1&2)
Arctic Monkeys – Whatever People Say I Am, That's What I'm Not
Devendra Banhart – Cripple Crow
Malcolm Middleton – Into The Woods
Og forresten, Ole viste meg nokon sjuke og morsomme sider. Sjekk desse buda, spesielt nr 1 og 5:http://www.vigrid.net/forungdom_10utevett.htm
Jesus.
Tuesday, October 10
Panic! At the disco
Eg, Ida og Ole på ein akkurat litt for liten pult. Plutseleg ringer mobilen til fyren på pulten framfor oss. Han sit og skriv ein eller annan stil. Ringetonen er ganske høg og utruleg stygg-kjip.
Han reiser seg og tek telefonen medan han går bortover mellom bokhyllene. Vi ser på kvarandre. Onde idear byrjar å ta form. Min: Slette teksten hans og tømme papirkurven på pcen. Når han kjem tilbake står det ei linje på skjermen framfor han; "sånn går det når du ikkje skrur på lydløs. Fucker". Såg for meg dei store, skuffa-hundevalp-augene.
Men neida. Ole turte ikkje. Ikkje eg heller, for den saks skyld.
Buzz igår var heilt fantastisk kjekkt. Særs kjekkt å vinne, sjølvsagt. Men det blei så seint. Så seint at enkelte ikkje kom seg opp og på skulen.... og for ein gangs skuld var det ikkje meg. :D
Camel toe = når kjønnsleppene til ei jente viser på buksa. Rart kva ein kan lære frå ein Nicholas Cage og Michael Caine-film.
Idag føler eg at eg ser det overalt, til og med på guttar. Ordet minner
meg forøvrig om ei historie Tuva fortalde meg. Tuva er i ein femtiårsdag.
Ved bordet hennar sit ein feit mann på femti pluss. Det vert servert
pappvin. Mykje pappvin. Mannen vert stadig fullare. Plutseleg kjem ein vits: "Har du hørt om jenta som hadde så trange bukser at du kunne lese på leppene?".
Thursday, October 5
Istedenfor å gjere skulearbeid
Slik såg rommet mitt ut siste kveld i Naustdal. Trur det var ny personleg rekord i rot(!)....
.....enda meir i det andre hjørnet.
Slik enda meg og Ingvilds første felles utkveld denne hausten. It was a craaaazy night.
A room with a view, sånn ca. Er meget, meget glad i plakaten til høgre. <3 href="http://photos1.blogger.com/blogger/5400/2543/1600/f??rste">
På veg heim frå Laksevåg. Seint. Men fint.
Hmf.
Så....Lisa og Mari var altså hos meg dei også. Koseleg. :)
Ida og Ole Magnus i koseleg positur, sansynligvis rett før Hulen. Wednesday, October 4
Massachusets
Elles slit eg idag med eit par ting:
- Er trøytt. Vi greier aldri legge oss tidlig nok.
- Må skrive oppgåve men vil mykje heller lese og skrive mail.
- Skal på badmintontrening, men finn(for n'te gang) ikkje husnøklane.
- Vil ikkje sjå Saw 2 ikveld. Ikkje Snakes on a Plane heller.
Men er framleis lukkeleg over quiz og måltidet før; Steinbit på Spezial. Fantastisk. Dessuten har eg nokre tekstlinjer på hjernen:
And if a double decker bus, crashes into us
Monday, October 2
Dagen derpåderpå
Helga har vore veldig bra. Veldig sosial, forfylla og generelt bra. På fredag var vi på innflyttingsfest hos Kristen og Ann-Kristin. Koseleg, trass vasslekasje på badet. Og merka veldig kor forelska eg er. Fin tur tilbake til byen, mat på festplassen(og sjalu&sultne forbipasserande). Helgas lågpunkt var ein veldig bra film på lørdag. Eg og Øystein såg "Requiem For A Dream" på formiddagen, og eg blei så uvel som eg aldri før har blitt av ein film. Sjølv om han var god og ba meg sjå bort når det blei lurt. Heldigvis hjalp Bonderomantikk og lasagnemiddag. På kvelden hadde vi Rorbuavorspiel. Lite er som å høyre ei 82 år gammal kvinne fortelle om brannslukkingsapparatdildo.Kvelden endte plutseleg ved at eg fann det for godt å dra heim i totida, og istadenfor å få med meg nokon heim eller gå den trygge vegen; beina eg igjennom Nygårdsparken. Det gjekk heldigvis bra, men mine oppringte nummer tyder på at eg var redd.
Søndag merka eg kor fantastisk det er å vere fyllesjuk Hanna, så lenge eg har Ingvild og Øystein. <3Innkjøp av Cola og iskrem, skifting av sengetøy og generell godhet.
Friday, September 29
Rot og ryddighet
Men likevel. #¤%"#¤?!"§@$]. Eg finn ikkje husnøklane. Brukte dei sist igår på dagen. Har byrja sjå for meg alle moglege konspirasjonar mot meg. Nokon som vil fucke med hovudet mitt ved å gøyme eller stjele nøklane.
Kanskje eg bør sjå i undertøysskuffa mi. Det var jo der eos-kameraet låg.
Dagens mål: kanskje kjøpe meg ipodnano. Fekk Martin sin i posten igår, og den er så sinnsjukt fin! Veit, min er ikkje meir enn eitt år gammal, funker fint, men likevel. Ny ipod er så uimotståeleg. Apropos uimotståeleg. Skal snart møte Øystein. Gå ut og ete middag, henge, dra på innflyttingsfest hos Ann-Kristin og Kristen. Sweetness.
Sunday, September 24
Fotskammel til begjær
Oooh. Skummel, og veldig lys, Ann-Kristin. Med Ole i bakgrunnen.
Ingvild hadde kjøpt et fancy coctail-sett. Øystein fant det.
Sjenkeprosjektet mitt gikk sånn passe bra. Her representert ved en stor og ganske sterk drink, av litt ukjent innhold.
Glad. Og full. Og trøtt.
Koseleg augneblink seint på kvelden. Rett før leggetid.
Vi hadde innflyttingsfest på lørdag. Var litt redd for at vi skulle sitte der i stua utover kvelden, i beste Thomas-Andre stil, utan at nokon gjestar dukka opp. Det unngjekk vi heldigvis. Ingvild og eg unngjekk også å være edru, trøtte og kjede oss. Sjølv om vi etterkvart blei trøtte.
Ingvild spiste sweet&sour-saus til middag, og jammen dukka ikkje middagen opp igjen i fotskammelen. Rart. Idag har vore akkurat så sløv som ein søndag etter knallfest pleier å vere.
Thursday, September 21
Forbrytelse(skremming) og straff(hyllesnekring)
Idag har eg snakka om Hendry David Thoreau og transcendentalisme framfor engelskseminargruppa mi. Det gjekk heilt greit. Planen var å lese historie etterpå, men den planen virker å gå i vasken. Snart blir det kaffi med Tove og Aslaug. Eg må forøvrig bli flinkare til å lese, og dårligare til å sosialisere. Ikveld skal eg være begge deler.
Thom Yorke <3
Monday, September 18
Smil (og utringing)
Saturday, September 9
Før stressehelvete
Dei tre i kollektivet med rimeleg intakte sosiale antenner(i alle fall nokre av oss). Nr 4 satt som vanleg på rommet sitt. Kanskje legg han skumle planar der inne? Passiv-aggressivitet er skummelt.
Etter enda fleire vodka med appelsinjuice. Hyggelig samvære med bestevenninne.
Siden vi ikkje fekk tatt bilder på Garage, måtte vi ta nokre på kjøkkenet, framfor konsertplakaten. Det første koselige og anstendige bildet av oss.Mindre enn ei veke til første innlevering av bacheloroppgave. Eg har knapt rørt bøkene.
Må skjerpe meg. Fort.
Wednesday, September 6
Strange and Beautiful (I'll Put A Spell On You)
Å komme inn i flink student-modus er vanskelegare enn venta, sjølv om bacheloroppgåveinnlevering nærmar seg med stormskritt. Har nesten ikkje lese noko, og om ei veke skal første utkast vere levert. Eg gruer meg for å ta kontakt med veiledar, og for å lese og skrive. Det er så mykje, så interessant men først og fremst så mykje jobb. Dessutan amerikansk litteraturpensum. Las Herman Melville's "Bartleby, the Scrivener" igår og kjende meg særs flink. Likevel er det kun toppen av isfjellet(ikkje verdas mest originale metafor, men temmeleg treffande).
Ellers går dagane og nettene med til Øystein. <3
Ting går så bra at eg ikkje heilt klarer å tru på at dei skjer. At det kan vere så bra. At eg kan ha det så fint. Underlig. Og fantastisk.

