Monday, May 18

Something different


Ganske tidleg på morgonen

champagnefrukost (flasker, snus og dus)

Pretty in pink

Glis

Sollys

Utolmodig russeveteran på brua i Cubaparken

Slitne, glade

og salige.

I år feira eg 17. mai i Oslo for første gang. Det var ganske annleis frå dei føregåande feiringane i Bergen. Å vere gjest istedenfor vertskap, å innta mine første alkoholeiningar tidleg på dagen, å få litt farge, å møte masse nye menneske, å irritere seg over at ein ikkje får kryssa elva for så å finne ut at det er Kongen som er hindringa, å oppleve guttar som drikk seg apefulle, å bli blenda av nybleika tenner og å reise rundt i taxi og og og.
Nokre aspekt ved feiringa er like på Vestlandet og Austlandet; utmattelsen som skyller over meg når dagen går mot slutten (i går så tidlig som i sjutida). Då er det deilig å ta av seg pensko, kjole og linser, legge seg i ei slags fosterstilling på sofaen og prøve å følge med på America's Funniest Home Videos. Og drikke svensk rett i koppen-suppe. Og sløøøøve.

Monday, May 11

Godiva

Igår fekk eg tidenes beste Paris-gåve. Godiva-trøflar. <3
Og eg som ikkje har nevnt min forkjærlighet for nettopp Godiva. Likevel.. fantastisk. Søndag ettermiddag var skikkelig deilig. Sol, sjokolade, kos og film. Filmen var det einaste kjipe innslaget; vi leigde "Fatso". Eg syns berre heile greia var trist. Mykje kjipare enn boka.

Dagens gladsak: Eg skal til Mykonos i juli!

Saturday, May 9

Heime aleine


Ane tok med musserande

og var søt hippie

...og kjeda seg på telefonen




Martin er i Bergen i helga og Guro er på jobb. Dermed er eg aleine heime. Det er fint å vere her aleine, men om kvelden blir eg litt småparanoid og mørkredd. Og dessutan saknar eg litt. To av mine yndlingsmenneske er i Paris denne helga, og ein av dei kjem heldigvis heim idag. Om nokre få timar.

Helga har vore rolig. Den starta med shopping og sushi med Inga, med påfølgande frysing på veg heim. På lørdag handla eg vannmelon og forberedte meg på ein solfylt ettermiddag på verandaen. Istaden blei det ein koseleg kveld i stua og plaskregn utanfor. På Ryes drakk eg dei beste mojitoane eg har smakt på lenge, og etter litt vingling mellom Fru Hagen og Parkteateret gjekk eg heim og la meg tidlig. Dermed våkna eg med pittelitt hodepine idag tidleg og las ut den nest siste pensumboka. Berre ein til kiosklitteraturroman før eg er ferdig med heime krimfaget :D

Wednesday, May 6

Vestlandshelg


Eg var i Volda i helga. Hos Mamma. I det fine nye huset med den vesle grønne bilen.
Helga var skikkelig herlig, sjølv om den starta på ein heller lite herlig måte. Torsdag kveld skulle vi ta bussen frå Oslo Bussterminal. Ein halvtime før avreise var bussen nesten full av kjipe Sunnmøringar (som var like tidleg ute som morgonravnane på UB i Bergen). Kjipe fordi dei var så tidleg ute, men også fordi dei krangla med dei rundt seg om kor ein skulle sitte, når ein skulle skru av mobilar osv. I tillegg var busssjåføren av den pratsomme og trekkspelelskande typen. Men reisesjuketablettane funka, lydane fra busstoalettet (som vi satt rett ved sidan av) blei etterkvert ganske søvndyssande og eg sovna.

1. Mai våkna eg opp på Vestlandet, mellom fjord og fjell og tre i full blomst. Turar rundt Rotevatn, oppover til utkikkspunktet, nedover langs elva. Råning mellom Ørsta og Volda (blant anna til Ivar Aasentunet), bok, veranda- og peiskos, undersjøisk tunnel for å komme til restaurant, lange frukostar og kvalietetstid i massevis. Langhelg er deilig.

Wednesday, April 29

EmoMartin



Martin var frisørmodell idag. Guro er ikkje så begeistra for den nye looken. Det har eg stor forståelse for :)

Sunday, April 26

Kvardagsliv



Svolten gutt etter fotballtrening.



ekte retrosolbriller :P




Kink i ryggen

Saturday, April 25

Bolle?



Martin og Guro har laga skulebrød idag. Ferske, varme, klissete, deilige bollar.
Og bollar er berre det siste elementet i årets beste døgn sålangt. Igårkveld byrja med rask spasertur frå Schultzgate til Vestkanttorget, gjennom varme, folkerike og folketomme gater med vårklare tre. Deretter gledelig gjensyn, blomar og indisk restaurant. Deilig å gå gatelangs, sjå på fine leiligheter, høyre duren av russefeiring og nyte kvelden. Champagne, jordbær, solbærtrøfflar og selskap gjorde kvelden fullkommen.

Idag våkna eg med ei stripe sol over ansiktet og eit smil om munnen. Smilet blei større då eg foretok ei lita utforsking av kjøleskapet og fann kremfløte som gjekk ut i slutten av august 2008, samt 4 halvfulle tacosausglas. Typisk guttekjøleskap. Resten av dagen gjekk med til frukost, kos, sol og tur. Og det var varmt nok til å gå i skjørt og tskjorte, og dagdrømme om solbriller. Og kjøpe is med sånn passe god samvittighet. Og gløyme bort heile litteraturoppgåva.

Everything in its right place.

Monday, April 20

Gladlaks

Idagtidleg følte eg meg som alt anna enn det. Eg sto ein halvtime i buss-for-tog-kaos på Oslo S, før eg blei overtalt til å ta banen til Helsfyr, der eg stressa rundt etter buss som gjekk i riktig retning. Like før eg satte meg ned og begynte å grine, kom eg over ein taxi. Ein taxitur har sjelden føltes så befriande.

Men ellers er eg glad som ein laks (!). Apropos laks; eg tar med meg nokre kilo Salmalaks heim frå jobb idag. Skal lage middag til Gudrun og Øyvind. Og drikke kvitvin. Og servere trifle til dessert. Nam.

Andre gladsaker: Daniel, sol, nye cardigans, Spotify, Bestemorost, Restaurant Victor og leilighet.

Friday, April 17

Aha Shake Heartbreak

Eg elskar den plata. Det var heilt utrulig deilig å gå og trikke gjennom sentrum idag med Kings of Leon på øyret. Etter litt leiting fann eg ipoden i skittentøyskurven, og dermed satte eg ekstra stor pris på både den og musikken den spelar. Dessuten skin sola, folk smiler og går i sterkare fargar. Og det er straks helg.

... og helga blir sånn passe. Eg skal til å skrive mi siste obligatoriske oppgåve, der eg skal diskutere i kva grad noveller følger eit strengt mønster. Og så skal eg møte vene, vakre Inga. Håper det blir sol slik at vi kan gå tur og drikke kaffi og nyte lørdagen. Og på kvelden blir det fest. Merker eg har nokre få sommerfuglar, men føler meg stort sett ganske avslappa. Gler meg aller mest til søvn, sol og og sosial omgang. Helg er herlig.

Wednesday, April 15

Ring a ding ding

Eg har ansvaret for telefonlista på jobb denne veka. Dermed er dagen full av monotone samtalar der eg spør etter bestilling og kunden ramsar opp varenummer. Sweet. Eit lite innslag comic relief sørger ho med dei knekte antennene for. Ho er travelt oppteken med å arrangere 30årsdagen til sambuaren sin. Såpass travel at ho stadig sit i privatsamtalar og budsjetterer i excel, alt saman midt i arbeidstida. Konseptet for 30årsdagen er ca det tristaste eg nokon gang har hørt om: Pølsefest der gjestane sjølv betaler for leige av lokalet. Classy.

Ellers er livet bra. Eg er passe stiv i låra etter trening og passe kvalm av påskemarsipan på tilbud. Dessuten har eg vore på Bjølsen og dobbeldate, laga skillingsbollar og kosa meg. Og idag er eg midtvegs i April. Den siste obligatoriske oppgåva skal skrivast og masterpapir skal sendast inn. Grøss.

Sunday, April 12

Pancake Extravaganza












Once upon a time, dvs ein kald februarkveld, fekk Martin det for seg at han ville lage pannekaker til middag. Mitt bidrag skulle vere blåbærsylte, men fryste og deretter rørte blåbær er mykje betre. Det syns Martin og Kai også. Dermed blei det pannekaker. Og blåbærglis og blåbærsøl.

Saturday, April 11

Familiepåske


Eg tenner lysa i spisestua. Påskepynt og god stemning.

Mmmmmm. Anes fantastiske fiskesuppe <3

Bestevenninner <3 <3

Tre søstre <3 <3 <3

Familien Bruaset, minus fotograf og pluss reservedatter

Manglande tvsignal midt i påske(krim)ferien tvingar Ingvild opp på taket for å fikse, uavhengig av promille.

Monday, April 6

It ain't over til it's over


Eg satsar på at ei gladlåt av Lenny Kravitz er den inspirasjonen eg manglar for å skrive oppgåve. So far no good.

Det er skikkeleg mandag idag. Snufsete og sløv. Augene er hovne og matte.
Og imårra tar Pappa og Andreas med seg Polly til dyrlegen. Då kjem gjerne tårene.

Thursday, April 2

My Milkshake


Guro og Martin har nettopp laga Oreo milkshake. Goddamn. Og vi høyrer på Kelis :P
Eg prøver å skrive oppgåve. Om "law and order and justice in detective novels". Det går sånn passe dårlig. Merker at eg har eit søvnunderskot som eg ikkje greier å knappe inn på. Dermed er eg apatisk på jobben, til det lavmål at ein 40årgammal kollega spør meg når eg skal feire 30årsdag.

Denne helga skal eg sove lenge. Og vere ute i sola på dagtid, ikkje ligge fyllesjuk i senga til sola har gått ned. Dessuten skal eg vere økonomisk, skuleflink, sprek og sosial. Og glede meg til Oslopåske.

Sunday, March 29

Good Day Sunshine


I need to laugh, and when the sun is out
I've got something I can laugh about
I feel good, in a special way
I'm in love and it's a sunny day


Sola skein over Oslo idag og eg vandra gatelangs på leiting etter eit ledig uteserveringsbord. Det var lettare sagt enn gjort, men nede ved Litteraturhuset var det endelig bord og kaffi å finne. Eg ser spor av sollyset på andletet mitt ikveld i form av farge og smil.

Helga har vore herlig. På fredag dro eg på Btiz med ei fin samling av yndlingsfolka mine. Der drakk vi tidenes kjipaste rødvin (som Inga urovekkande nok vendte seg til), sterke irish coffees, dansa, blei overfalt og forsøkt sjekka opp av ein stk brøleape. Lørdagen var overraskande behagelig og blei runda av med 4-retters middag på Hos Thea. Derfrå gjekk turen til Sagene og ein veldig kattete leilighet med fyr i peisen og champagne i glaset. Søndagen har vore perfekt :)

Wednesday, March 25

I hue og ræva

Så godt har eg sikra meg. Eg søkte nettopp på opptak til master i engelsk litteratur. For å vere på den sikre sida, søkte eg også på bachelor i litteratur gjennom samordna opptak. Dermed risikerer eg ikkje å stå der med kuken på duken (eller eit meir passande kraftuttryksbilete) slik som ifjor.

Det er snart vår i Oslo. Utanfor kontorvinduet på Tine ligg det riktignok ein meter snø, men nede i byen er det annleis. Eg kan gå i vårsko utan å bli våt på beina. På dagtid er det ikkje like tvingande nødvendig med skjerf og hanskar. Dessutan er det deilig å gå frå Tbanen på Majorstuen og nedover mot Frognerparken. Ost, vin og dertilhøyrande cheezy musikk er heller ikkje å forakte. Og best av alt: Lazy eyes <3

Monday, March 16

Sitcom

Bestemor feira 90 år denne helga. Vi var 30 barn, barnebarn, oldebarn og diverse ektefeller samla i det store, brune huset i den forvokste hagen i Verdalen. Det blei fortært ufattelege mengder mat; på lørdag åt vi i realiteten middag 3 gangar. Lam til ein 90årvennleg tidleg middag klokka eitt, smørbrød og kaker klokka fire og taco klokka åtte. Heile greia var med andre ord eit uformelt etegilde. Eg fekk ikkje bruk for kjolen, sminken, strømpebuksene og penskoa mine; det blei ikkje tid til å skifte mellom alle måltida og all familiehygga. Det føltes litt som ein lun, halvmorsom sitcom der Bestemor lirer av seg den eine småmorsomme formuleringa etter den andre medan vi smiler og humrar. Ho fortel om korleis det var å gå til tannlegen då ho var lita, om lesarbrev i lokalavisa og om korleis det er å bli gammal. Anekdotane hennar hadde nok ikkje gjort seg så godt på tv, men heime i den varme stova, blant alle som stammar frå ho og er glade i ho, der er slike stunder skikkelig feel-good augeblikk.
90 år. Det er temmelig gammalt. Polly fyller dog(no pun intended) 102 hundeår. Respekt.

Turen tilbake til Oslo var lang og ca halvvegs blei eg kvalm. Då hjalp det lite at folk rundt meg stadig trøkka i seg illeluktande ting som ostepølser og makrell i tomat. Det hjalp heller ikkje å sitte mot fartsretninga med pensum på fanget. Redninga kom klokka halv elleve, trygt heime i leiligheta, i form av te med honning i og Linn som mitt eminente selskap. It's aaaaallriiiight (med Buzz-stemme)

Monday, March 9

Matvrak

Gulrotkake og ananasjuice har gått ned på høgkant i det siste, i tillegg til andre herligheter som tapas og frukost og ymse alkoholeiningar. Dermed er kroppen min forvirra og trur den er tørst og svolten heile tida. Men no er det ny veke og nye muligheter. Muligheter som trening og quiz ikveld, lesing og sushi imårra og midt i alt dette skal det skrivast sang eller dikt til 90årsdagen til Bestemor. Og det held nok ikkje å framføre den der "When I looked between my Grandmother's legs I could see she had Vagina Cancer!".

Helga var ein høydare. På alle måtar. To jentevors, to turar ut på byen, to par høghelte sko og to dagar nesten kjemisk frie for tvtitting (med unntak av ungkaren igår. Ubetalelig å sjå ei 20år gammal trønderjente åpne øl med tenna og styrte heile halvliteren framfor den tilsynelatande sofistikerte 30årige ungkaren. Classy)

Wednesday, March 4

Friskis og Svettis aka Freaks and Geeks

Igår var det back to basics, tilbake til Møllerparken (ikkje framtida...)
Det er heilt ok der, sjølv om maskina eg trente på før jul plutseleg er mykje tyngre no enn den eingang var. Dessuten er det aldri ledig på mattene og dei manglar eindel av dei fancy apparata som eg var blitt vant med på Elixia.
Elixia framstår som F&S sin rake motsetning. Der F&S er som Freaks and Geeks, er Elixias tv-ekvivalent the Bold and the Beautiful. Sånn ca.
Saknet etter sistnevnte er ikkje så stort, men eg saknar nokre av apparata eg endeleg hadde blitt litt trygg på.

Uansett. Etter trening var eg sulten og snopsjuk, ein tilstand eg aldri skulle handla matvarer i. Men det gjorde eg. Sjokolade, grovbrød og leverpostei, grissini osv. Planen var å lage gulrotkake og kyllingmiddag til bursdagen til Andreas. Eg var mett på alt anna då kyllingen endeleg kom på bordet...

Elles er eg lei. Lei av å legge meg tidleg for å vere våken klokka halv sju. Lei av å ikkje ha noko igjen av dagen etter jobb og trening. Lei av å gjere alle innkjøp og lage all mat. Lei av å ikkje få gjort noko skulearbeid. Lei av the monday blues som varer lenger enn den eine dagen. Lei av å stresse med alt eg ikkje får gjort noko med uansett. Men heldigvis er eg ikkje lei av Kings of Leon og Radiohead. Og snart er det helg med jentevors og shake your tailfeather to kveldar på rad.

Monday, March 2

I'm soooo tired

Det er mandag igjen. Det ringte nettopp ei dame frå den franske skulen i Oslo og bestilte 'alvlitereee lettmeeelk. Iskaffien som skulle gjere meg våken har heller gjort meg kvalm. Eg ser meg i spegelen på badet og tenker at eg sjelden har sett så sliten ut. Og det etter mi roligaste helg på lenge. Eg sov kanskje ikkje så rolig i natt. Dessuten fucka eg døgnrytmen min litt også.

...men igårkveld fekk eg augene opp for the Extras. Flaut og herlig. Dessuten oppdaga eg Oslo Mekaniske. Fantastisk koselig pub.