Wednesday, March 4

Friskis og Svettis aka Freaks and Geeks

Igår var det back to basics, tilbake til Møllerparken (ikkje framtida...)
Det er heilt ok der, sjølv om maskina eg trente på før jul plutseleg er mykje tyngre no enn den eingang var. Dessuten er det aldri ledig på mattene og dei manglar eindel av dei fancy apparata som eg var blitt vant med på Elixia.
Elixia framstår som F&S sin rake motsetning. Der F&S er som Freaks and Geeks, er Elixias tv-ekvivalent the Bold and the Beautiful. Sånn ca.
Saknet etter sistnevnte er ikkje så stort, men eg saknar nokre av apparata eg endeleg hadde blitt litt trygg på.

Uansett. Etter trening var eg sulten og snopsjuk, ein tilstand eg aldri skulle handla matvarer i. Men det gjorde eg. Sjokolade, grovbrød og leverpostei, grissini osv. Planen var å lage gulrotkake og kyllingmiddag til bursdagen til Andreas. Eg var mett på alt anna då kyllingen endeleg kom på bordet...

Elles er eg lei. Lei av å legge meg tidleg for å vere våken klokka halv sju. Lei av å ikkje ha noko igjen av dagen etter jobb og trening. Lei av å gjere alle innkjøp og lage all mat. Lei av å ikkje få gjort noko skulearbeid. Lei av the monday blues som varer lenger enn den eine dagen. Lei av å stresse med alt eg ikkje får gjort noko med uansett. Men heldigvis er eg ikkje lei av Kings of Leon og Radiohead. Og snart er det helg med jentevors og shake your tailfeather to kveldar på rad.

1 comment:

Anonymous said...

Åh. Fint innlegg. Snart slutter du å bli lei, men blir glad istedet. For snart kommer våren. Og da popper sol, blomster og t-skjorteguttene frem :)

i