Saturday, April 25

Bolle?



Martin og Guro har laga skulebrød idag. Ferske, varme, klissete, deilige bollar.
Og bollar er berre det siste elementet i årets beste døgn sålangt. Igårkveld byrja med rask spasertur frå Schultzgate til Vestkanttorget, gjennom varme, folkerike og folketomme gater med vårklare tre. Deretter gledelig gjensyn, blomar og indisk restaurant. Deilig å gå gatelangs, sjå på fine leiligheter, høyre duren av russefeiring og nyte kvelden. Champagne, jordbær, solbærtrøfflar og selskap gjorde kvelden fullkommen.

Idag våkna eg med ei stripe sol over ansiktet og eit smil om munnen. Smilet blei større då eg foretok ei lita utforsking av kjøleskapet og fann kremfløte som gjekk ut i slutten av august 2008, samt 4 halvfulle tacosausglas. Typisk guttekjøleskap. Resten av dagen gjekk med til frukost, kos, sol og tur. Og det var varmt nok til å gå i skjørt og tskjorte, og dagdrømme om solbriller. Og kjøpe is med sånn passe god samvittighet. Og gløyme bort heile litteraturoppgåva.

Everything in its right place.

1 comment:

Katrin said...

herleg, hanna. Herleg!