Eg var i Volda i helga. Hos Mamma. I det fine nye huset med den vesle grønne bilen.
Helga var skikkelig herlig, sjølv om den starta på ein heller lite herlig måte. Torsdag kveld skulle vi ta bussen frå Oslo Bussterminal. Ein halvtime før avreise var bussen nesten full av kjipe Sunnmøringar (som var like tidleg ute som morgonravnane på UB i Bergen). Kjipe fordi dei var så tidleg ute, men også fordi dei krangla med dei rundt seg om kor ein skulle sitte, når ein skulle skru av mobilar osv. I tillegg var busssjåføren av den pratsomme og trekkspelelskande typen. Men reisesjuketablettane funka, lydane fra busstoalettet (som vi satt rett ved sidan av) blei etterkvert ganske søvndyssande og eg sovna.
1. Mai våkna eg opp på Vestlandet, mellom fjord og fjell og tre i full blomst. Turar rundt Rotevatn, oppover til utkikkspunktet, nedover langs elva. Råning mellom Ørsta og Volda (blant anna til Ivar Aasentunet), bok, veranda- og peiskos, undersjøisk tunnel for å komme til restaurant, lange frukostar og kvalietetstid i massevis. Langhelg er deilig.
No comments:
Post a Comment