Saturday, May 9

Heime aleine


Ane tok med musserande

og var søt hippie

...og kjeda seg på telefonen




Martin er i Bergen i helga og Guro er på jobb. Dermed er eg aleine heime. Det er fint å vere her aleine, men om kvelden blir eg litt småparanoid og mørkredd. Og dessutan saknar eg litt. To av mine yndlingsmenneske er i Paris denne helga, og ein av dei kjem heldigvis heim idag. Om nokre få timar.

Helga har vore rolig. Den starta med shopping og sushi med Inga, med påfølgande frysing på veg heim. På lørdag handla eg vannmelon og forberedte meg på ein solfylt ettermiddag på verandaen. Istaden blei det ein koseleg kveld i stua og plaskregn utanfor. På Ryes drakk eg dei beste mojitoane eg har smakt på lenge, og etter litt vingling mellom Fru Hagen og Parkteateret gjekk eg heim og la meg tidlig. Dermed våkna eg med pittelitt hodepine idag tidleg og las ut den nest siste pensumboka. Berre ein til kiosklitteraturroman før eg er ferdig med heime krimfaget :D

No comments: