Wednesday, April 15

Ring a ding ding

Eg har ansvaret for telefonlista på jobb denne veka. Dermed er dagen full av monotone samtalar der eg spør etter bestilling og kunden ramsar opp varenummer. Sweet. Eit lite innslag comic relief sørger ho med dei knekte antennene for. Ho er travelt oppteken med å arrangere 30årsdagen til sambuaren sin. Såpass travel at ho stadig sit i privatsamtalar og budsjetterer i excel, alt saman midt i arbeidstida. Konseptet for 30årsdagen er ca det tristaste eg nokon gang har hørt om: Pølsefest der gjestane sjølv betaler for leige av lokalet. Classy.

Ellers er livet bra. Eg er passe stiv i låra etter trening og passe kvalm av påskemarsipan på tilbud. Dessuten har eg vore på Bjølsen og dobbeldate, laga skillingsbollar og kosa meg. Og idag er eg midtvegs i April. Den siste obligatoriske oppgåva skal skrivast og masterpapir skal sendast inn. Grøss.

No comments: