Bestemor feira 90 år denne helga. Vi var 30 barn, barnebarn, oldebarn og diverse ektefeller samla i det store, brune huset i den forvokste hagen i Verdalen. Det blei fortært ufattelege mengder mat; på lørdag åt vi i realiteten middag 3 gangar. Lam til ein 90årvennleg tidleg middag klokka eitt, smørbrød og kaker klokka fire og taco klokka åtte. Heile greia var med andre ord eit uformelt etegilde. Eg fekk ikkje bruk for kjolen, sminken, strømpebuksene og penskoa mine; det blei ikkje tid til å skifte mellom alle måltida og all familiehygga. Det føltes litt som ein lun, halvmorsom sitcom der Bestemor lirer av seg den eine småmorsomme formuleringa etter den andre medan vi smiler og humrar. Ho fortel om korleis det var å gå til tannlegen då ho var lita, om lesarbrev i lokalavisa og om korleis det er å bli gammal. Anekdotane hennar hadde nok ikkje gjort seg så godt på tv, men heime i den varme stova, blant alle som stammar frå ho og er glade i ho, der er slike stunder skikkelig feel-good augeblikk.
90 år. Det er temmelig gammalt. Polly fyller dog(no pun intended) 102 hundeår. Respekt.
Turen tilbake til Oslo var lang og ca halvvegs blei eg kvalm. Då hjalp det lite at folk rundt meg stadig trøkka i seg illeluktande ting som ostepølser og makrell i tomat. Det hjalp heller ikkje å sitte mot fartsretninga med pensum på fanget. Redninga kom klokka halv elleve, trygt heime i leiligheta, i form av te med honning i og Linn som mitt eminente selskap. It's aaaaallriiiight (med Buzz-stemme)
No comments:
Post a Comment