Så godt har eg sikra meg. Eg søkte nettopp på opptak til master i engelsk litteratur. For å vere på den sikre sida, søkte eg også på bachelor i litteratur gjennom samordna opptak. Dermed risikerer eg ikkje å stå der med kuken på duken (eller eit meir passande kraftuttryksbilete) slik som ifjor.
Det er snart vår i Oslo. Utanfor kontorvinduet på Tine ligg det riktignok ein meter snø, men nede i byen er det annleis. Eg kan gå i vårsko utan å bli våt på beina. På dagtid er det ikkje like tvingande nødvendig med skjerf og hanskar. Dessutan er det deilig å gå frå Tbanen på Majorstuen og nedover mot Frognerparken. Ost, vin og dertilhøyrande cheezy musikk er heller ikkje å forakte. Og best av alt: Lazy eyes <3
No comments:
Post a Comment