Ganske tidleg på morgonen
champagnefrukost (flasker, snus og dus)
Pretty in pink
Glis
Sollys
Utolmodig russeveteran på brua i Cubaparken
Slitne, glade
og salige.
I år feira eg 17. mai i Oslo for første gang. Det var ganske annleis frå dei føregåande feiringane i Bergen. Å vere gjest istedenfor vertskap, å innta mine første alkoholeiningar tidleg på dagen, å få litt farge, å møte masse nye menneske, å irritere seg over at ein ikkje får kryssa elva for så å finne ut at det er Kongen som er hindringa, å oppleve guttar som drikk seg apefulle, å bli blenda av nybleika tenner og å reise rundt i taxi og og og.
Nokre aspekt ved feiringa er like på Vestlandet og Austlandet; utmattelsen som skyller over meg når dagen går mot slutten (i går så tidlig som i sjutida). Då er det deilig å ta av seg pensko, kjole og linser, legge seg i ei slags fosterstilling på sofaen og prøve å følge med på America's Funniest Home Videos. Og drikke svensk rett i koppen-suppe. Og sløøøøve.
No comments:
Post a Comment