Monday, February 23

Blåmandag

Dei siste 24 timane har vore skikkelig dritt. Krangel, rastløyse, kjedsomhet, snopsug, tårer, dårlig samvittighet, søvnmangel, DILEMMA, bortevekk-ipod og fakslisteansvar på jobb. Urk.
Føler meg temmelig fucka og håper berre eg ikkje fucker opp alt rundt meg.
Samstundes har eg hatt det så bra tidlegare i helga og i forrige veke. Dermed blir kontrasten ekstra stor.

Eit forsøk på happy thoughts:
-Eg fann "The Erasor" i forigårs. Den har vore sakna sidan den dagen den forsvann (for over to år sidan).
-Det er byrja å bli lyst og fint ute om morningane.
-Ikveld skal eg endeleg få sett "Slumdog Millionaire".
-Katrin er i back in town! Dermed blir det sushioppdatering imorgon.

Friday, February 20

Jitterbug

Ikveld får vi gjestar. Eg har laga halvparten av ei irish coffe-iskake og skal lage fiskesuppe når eg kjem heim frå jobb. Deilig kremete fiskesuppe med kvitvin. Mmmm
Og imårra får eg kanskje årets deiligaste lørdagsmorgon i Oslo.

Ellers er eg hekta på Kings of Leon og Bo Diddley. Og twist.

Monday, February 16

129 samtalar

*Chuck Norris destroyed the periodic table, because he only recognizes the element of surprise.
*Chuck Norris invented black. In fact, he invented the entire spectrum of visible light. Except pink. Tom Cruise invented pink.
*Little known medical fact: Chuck Norris invented the Caesarean section when he roundhouse-kicked his way out of his monther's womb.
*It takes Chuck Norris 20 minutes to watch 60 Minutes.
*Chuck Norris played Russian Roulette with a fully loaded gun and won.
*If at first you don't succeed, you're not Chuck Norris.


chucknorrisfacts.com utgjer eit lite lyspunkt etter dagens 129.....130 telefonsamtalar.

Sunday, February 15

Burning Love

Har hatt ei herlig helg i Bergen med Ingvild og Ane. Wining and dining, shopping og champagne. Og idag, etter ein laaaang frukost, blir det togtur gjennom vakkert snødekt fjelllandskap. <3



Thursday, February 12

Gammalt indianerordspråk...?

Man who goes to sleep with itchy ass
wakes up with smelly finger.

, sitat Kai

Monday, February 9

Kaptein Sagetann og andre med avsagde antenner

Det er mandag igjen.
Det er igrunnen ein ganske hyggeleg mandag. Ingen vanskelege kundar, stort sett berre hyggelege kolleger (minus den nye med dei avsagde antennene og politisk ukorrekte haldningane), full fruktkorg og tusen nye tesortar. Dessuten føler eg meg bra etter ein alkoholfri (søn-)dag og akkurat passe stiv og støl etter styrketrening i helga.

....og snart: Sushi

Friday, February 6

Forventingsfull februar

Ei ulykke kjem sjelden aleine. Likeleis kjem ofte dei gode tinga saman med kvarandre. When it rains, it pours. Slik er det i alle fall no. Bortsett frå at det ikkje regnar; det snør. Førebels kun ørsmå snøfnugg, som eg bruker som påskot til å gå rundt i dei grønne støvlane mine.

Februar 2009 er kjempebra sålangt. Eg har det allereie bra, og det føles som om fleire gode ting er på veg. Og alle forventingane...
...snart kun ei veke til Valentinesday, med all den single hygga den bringer med seg. Ane, Ingvild og eg skal feire med stil (og for min del: kredittkort).

Heime i Stolmakergata er det stort sett ganske idyllisk. Martin konsumerer ufattelege mengder meieriprodukt, rommet mitt er kjemperotete, den siste strømrekninga var mistenkeleg låg og internett funkar fett. Det aller beste: å sitte inne i varmen og sjå ut på snøvær og gatelys med ein kopp varm kakao med krem og kanel på.

Friday, January 23

Med hjartet på rette staden









Okei, så er det ikkje i Yorkshire eller på tv, men det føles som om hjartet mitt er der. Delar av det i alle fall. Slik ser det altså ut frå vindauga i andre etasje hos Granny. Det var skikkeleg koseleg å vere der. Mykje mat, sjølvsagt. Mindre sjølvsagt var det at eg endeleg fekk smake Granny's yndlingsdrink: Whiskey & Ginger Ale (ho har lenge meint at det ikkje passer seg for kvinner å drikke brennevin før dei når overgangsalderen). Vi hadde lange samtalar om barndom, familie, politikk, økonomi og religion (ho brukar adjektivet "happy-clappy" om evangelisk kristne). Dessutan fekk eg vite at ein litt snål fetter av meg har/hadde retinerte ballar. Kjekt å vite.
Eg var ikkje heime hos Granny heile tida. Ein dag tok eg toget til Leicester for å shoppe med Jenny. På togturen sat eg ved sidan av ei middelaldrande dame som eg først ikkje la særleg merke til. Plutseleg byrjar mobilen hennar å ringe og ringetonen er: Barbie girl. Først då oppdagar eg at ho har rosa telefon, rosa genser, rosa briller og matchande brilleetui(med rosa leopardmønster, må vite). Toget ankom Leicester før eg rakk å glise altfor bredt.
Elles var England litt annleis denne gangen. Finanskrisa var overalt. Woolworhtslokala sto tomme(!), det var korte køer i alle butikkar og nyttårssalga varer heilt til påske.

Turen heim var heller kjip. På det forsinka flyet havna eg midt mellom ein slitsom vennegjeng frå Hedmark eller noko slikt. Dei uttalte i alle fall mascara slik: ma-sca-ra. Og når eg landa i Oslo havna eg midt i snø-og-slaps-helvete, vel vitande om at det var mindre enn 7 timar til eg skulle vere på jobb igjen. Urk.

Wednesday, January 14

How can you mend a broken heart

Al Green veit å få sagt det.
Igår sa eg hadet til to vene, vakre venninner og hadde denne låta på hjernen. Det er leit å ta farvel i forvissing om at det blir lenge til neste gang. Men det er koseleg å møtes på Grünerløkka ein tirsdagskveld for å drikke øl, konjakk og Bloody Marys. Og snakke om gutar, framtida, notida, fortida, sjukdom og dagdraumar. Heime venta iskake, upakka koffert og altfor få timar med søvn. Dermed glir augene mine att på jobb idag og eg vil alt anna enn å snakke med kundar. Det er ei stor trøyst at dette er siste morgonen en står opp tidleg denne veka. No ventar ei langhelg i Bottesford, med alt som høyrer til. <3

Sunday, January 11

Morgonstund har gull i munn

Det er deilig søndagsmorgon. Kaldt ute, varmt inne, gå i pysj heile formiddagen, sjå på tv, lese bok og dagdrøyme. Har vore ute på Grünerløkka dei siste to kveldane. Begge gangar har vi gått frå veldig harry til mindre harry uteplassar. Den mest harry var Naboen, ein plass med delvis kul musikk men ganske utelukkande ukult klientell. På fredag dansa ein 55åring rundt med paraply til "It's raining men" og ei skabbete dame gjekk rundt med holete strømpebukser, boblejakke(kanskje utan noko anna under), sekk og ein stk drita full mann. Igår endte ferden på Ryes, ein plass som kanskje kan bli stamplass? Elles har helga vore fin, med Ida i Oslo. <3



Thursday, January 8

Forretningsidè

Eg ser for meg ei reklame for trikken der alt skjer til lyden av
Run DMC - It's Tricky.

Monday, January 5

Back to work

There is a light that never goes out (rett utanfor soveromsvindauget mitt)
Martin etter fotballtrening med dertilhøyrande apetitt.
Kneipptårn.


Nok eit resultat av Martins apetitt. Halvstekt browniekake. Kake fordi han fekk lyst på. Halvstekt fordi han plutselig ikkje hadde tid til å steike den ferdig før toget til Bergen gjekk.
Det er rart å vere i januar. Snart er vi halvvegs i vår Grünerløkka- og søskenkjærleikperiode. Eg skulle hatt med kamera på trening idag. Det er tydeleg at det er fleire enn meg som tenker "nytt år nye muligheter". Føltes som om eg var i ein hamsterkoloni der alle hadde kvar si tredemølle.
Til helga skal eg kanskje til Bergen. Og kanskje ikkje. Ida : It's uuup toooo yooouuuuuu.



Monday, December 22

Jingle Bell Rock

Igårkveld såg vi Home Alone medan vi åt riskrem og jordbærsaus. Feeeeel goooood.
Musikken står som ein fantastisk herlig kontrast til dei valdtekne versjonane av gamle gode Jingle Bells. Årsverste: technoversjonen hørt i jævlig klesbutikk på Karl Johan + farting reindeers frå Jamba.

Er endelig ferdig med julegåvehandel. Deilig å sleppe å trikke rundt med eit lass posar, vond rygg og stygg hoste. Trur eg fekk vondt i ryggen på grunn av den stygge hosten. Skummelt å hoste slik, sjølv om eg ikkje røyker eller har vore i kontakt med tuberkuløse folk (turberkul....?)
Men trikken kan by på nokre lysglimt. Feks dette, fritt etter Eva: Eit gammalt ektepar sit på trikken. Kona er ganske oppkava, seier "ro deg ned" til ektemannen, som forøvrig ser ut til å vere ganske rolig. Så stoppar pluteseleg ikkje trikkeføraren der dei skal av. "No når vi aldri toget, på grunn av den forpulte sjåføren" kjem det frå kona og dei hoppar av på neste stopp.

Berre ei natt igjen i Oslo no før jul. Den skal tilbringast på venstre sida av senga, mi nyfunne yndlingsside. Kanskje rommet er ryddig også? (?!?!?!?!?!!!!)
Det blir fint med jul, men ekstra fint med 3-dagars ferie.

Thursday, December 11

Pølseanger

Dei serverte wienerpølser med potetmos og sånn i kantina idag. Det smakte heilt ok medan eg åt, men straks eg var ferdig byrja eg å kjenne på ettersmaken. Urk. Pølseettersmaken som aldri forsvinn. Vil ikkje ete pølser igjen før det blir sommar igjen og vi kan grille. No er smaken nesten vekke. Martins kvitløkshamburgerar har tydeligvis fortrengt pølsene.

Det er skikkeleg kaldt i Oslo. Eg går rundt i leiligheten, blir forbanna på Martin for at han har skrudd av varmen for så å finne ut at varmen er på. Det er berre så kaldt at det ikkje virkar slik. Ute er det is på bakken og eg må gå i fornuftige sko. Har ikkje sett nokon skli og tryne enda (tviler på at noko kan måle seg med Lars aka Extra Large/Lars gå på tryne på Sydneshaugen med briller, kaffikopp og øretelefonar all over the place), men det kjem nok.

Ikveld er det igrunn litt koseleg å sitte inne i stua, høyre på the Kooks, suge og tygge på Läckerol, prøve å skrive engelskstil. Oppgåva er: Discuss the position of women in crime fiction. Det er sånn passe interessant og går sånn passe framover. Skulle ønske eg hadde fri til å sove lenge og pusle med oppgåva. Og handle julegåver, bake, trene, sjå film, gå ut, komme heim og ta fotbad. Men om to veker er det julafta og eg har juleferie.

Wednesday, December 3

"Mye vil ha mer"

, sitat Tuva.
Det er ikkje berre eit teit og tomt uttrykk. Når ein har det kjempebra vil ein berre ha det enda bedre. Sånn føltes det i alle fall søndag kveld. Helga var kanskje årsbeste(!). Fredag fekk eg trena, drukke rødvin, laga ostebakkels og ete dei med Inga, Martin og Guro. Lørdag morgon låg eg lenge og dro meg, småsov og dagdrømte i senga. Eg saknar studenttilværelsen :(
Deretter var det ut på shopping med Ingvild, på jakt etter den perfekte, lilla julebordkjolen. Vi fann vår kjoleoase på Oasis (param-psssjjt).
Eg ordna meg til lyden av the Kooks og dro vestover, nærare bestemt til Hos Thea på Frogner/Skillebekk. Der feira vi Ingvild sin 27årsdag med 4-retters middag midt mellom skrålete kvinnelige julebordgjestar og middelaldrande forretningsmenn. Etterpå tok vi taxi til Pigalle og sto i kø med kjipe, små haugesundmenn. Vel inne var det hyggelig, varmt og rødt. Vi møtte the Eggman, men såg ingen kvalrossar. Dansa, drakk vatn, prata, krangla med ein sint fyr i garderobekø og praia taxi like før taxikøhelvete braut ut. Finfin lørdag.
Søndagen var på mange måtar minst like bra. Lang luksusfrokost i Ullevålsveien og påfølgande småkvalm trikke- og togtur til Ås. Akutt julestemning å sjå snøen på marka og tjukke små busker surra inn med julelys. Første søndag i advent med min utvida familie :)

...men så er det ny veke. Halve kontoret er sjukemeldt slik at det blir jobb med stor J og hodepine med stor P. Etter jobb har eg laga daimiskake(nok eit forsøk på å herme etter Bestemor) og rydda, støvsugd og vaska leiligheten. Brand/Brave New Hanna.

Friday, November 28

Living for the weekend

Dagane flyr avgårde. Heile veker forsvinn i jobbing og plutseleg er det helg igjen. Det er føles litt skummelt, men mest deilig. Får ikkje gjort noko skulearbeid når eg kjem heim. Det eg derimot får gjort er å lage suppe (gårsdagens var mitt aller beste forsøk på å lage Bestemors blomkålsuppe + Parmesan), henge med Martin og lagt med tidlig.
Gler meg til helga. Skal shoppe, drikke, ete 4-retters og danse. Oslo er digg.

Monday, November 24

Aw C'mon No, You C'mon

Eg har hatt beste helga på lenge. Den byrja med ein fantastisk kveld på Pigalle med Tuva og endte med herlig Lambchop på Chateau Neuf. I mellomtida rakk eg å shoppe, ete biffmiddag hos Ingvild, vorse med Tuva og Kirsten, dra på fru Hagen og Blå, torturere føtta mine med høge helar, trene, ete sushi, drikke te og smile :)
Ting eg derimot ikkje rakk var å lese, rydde, vaske eller lage mat.
Men Oslo er deilig og Lambchop passer perfekt til kalde vinterdagar. Og snart er det jul....!

Monday, November 17

Sunnmørsblues

Eg har vore i Volda i helga (høgskulen i Volda brukar forresten ikkje forkoringa hiv, men heller hivolda, pussig nok). Mamma har nettopp flytta inn i sitt nye hus og saman har vi gjort veggane litt mindre nakne. Dessuten har eg vaska trapp, hørt på Julefergå-soundtrack, gått tur, besøkt ei verna bedrift(aka Felleskjøpet. Makan til sure og sløve sunnmøringar), drukke rødvin og ete god mat. Det einaste som virkelig manglar i huset er ein hund :(

Likevel var det ikkje så kjipt å vende tilbake til Oslo. Eg nådde akkurat 11-trikken og heime i Stolmakergata hadde Martin og Guro laga skillingsbollar og skulebrød. Deilig å sovne til lyden av søndags-Blå og lukta av bakverk.

Wednesday, November 12

A Certain Romance

Høgdepunktet frå Bonderomantikk igår:

Nå blir det andre boller, sa bakeren og dreit i deigen.

Dei udødelige orda blei uttalt av ein ikkje-akkurat-skarpaste-kniven-i-skuffen-fyr. Ubetalelig.


Monday, November 10

K-k-k-k-kunst














Fleire Van Gogh og Monet + Picassoskulpturar frå New York. Deretter kunst i og jenter på taket av Pompidoumuseet.