Wednesday, December 3

"Mye vil ha mer"

, sitat Tuva.
Det er ikkje berre eit teit og tomt uttrykk. Når ein har det kjempebra vil ein berre ha det enda bedre. Sånn føltes det i alle fall søndag kveld. Helga var kanskje årsbeste(!). Fredag fekk eg trena, drukke rødvin, laga ostebakkels og ete dei med Inga, Martin og Guro. Lørdag morgon låg eg lenge og dro meg, småsov og dagdrømte i senga. Eg saknar studenttilværelsen :(
Deretter var det ut på shopping med Ingvild, på jakt etter den perfekte, lilla julebordkjolen. Vi fann vår kjoleoase på Oasis (param-psssjjt).
Eg ordna meg til lyden av the Kooks og dro vestover, nærare bestemt til Hos Thea på Frogner/Skillebekk. Der feira vi Ingvild sin 27årsdag med 4-retters middag midt mellom skrålete kvinnelige julebordgjestar og middelaldrande forretningsmenn. Etterpå tok vi taxi til Pigalle og sto i kø med kjipe, små haugesundmenn. Vel inne var det hyggelig, varmt og rødt. Vi møtte the Eggman, men såg ingen kvalrossar. Dansa, drakk vatn, prata, krangla med ein sint fyr i garderobekø og praia taxi like før taxikøhelvete braut ut. Finfin lørdag.
Søndagen var på mange måtar minst like bra. Lang luksusfrokost i Ullevålsveien og påfølgande småkvalm trikke- og togtur til Ås. Akutt julestemning å sjå snøen på marka og tjukke små busker surra inn med julelys. Første søndag i advent med min utvida familie :)

...men så er det ny veke. Halve kontoret er sjukemeldt slik at det blir jobb med stor J og hodepine med stor P. Etter jobb har eg laga daimiskake(nok eit forsøk på å herme etter Bestemor) og rydda, støvsugd og vaska leiligheten. Brand/Brave New Hanna.

No comments: