Thursday, December 11

Pølseanger

Dei serverte wienerpølser med potetmos og sånn i kantina idag. Det smakte heilt ok medan eg åt, men straks eg var ferdig byrja eg å kjenne på ettersmaken. Urk. Pølseettersmaken som aldri forsvinn. Vil ikkje ete pølser igjen før det blir sommar igjen og vi kan grille. No er smaken nesten vekke. Martins kvitløkshamburgerar har tydeligvis fortrengt pølsene.

Det er skikkeleg kaldt i Oslo. Eg går rundt i leiligheten, blir forbanna på Martin for at han har skrudd av varmen for så å finne ut at varmen er på. Det er berre så kaldt at det ikkje virkar slik. Ute er det is på bakken og eg må gå i fornuftige sko. Har ikkje sett nokon skli og tryne enda (tviler på at noko kan måle seg med Lars aka Extra Large/Lars gå på tryne på Sydneshaugen med briller, kaffikopp og øretelefonar all over the place), men det kjem nok.

Ikveld er det igrunn litt koseleg å sitte inne i stua, høyre på the Kooks, suge og tygge på Läckerol, prøve å skrive engelskstil. Oppgåva er: Discuss the position of women in crime fiction. Det er sånn passe interessant og går sånn passe framover. Skulle ønske eg hadde fri til å sove lenge og pusle med oppgåva. Og handle julegåver, bake, trene, sjå film, gå ut, komme heim og ta fotbad. Men om to veker er det julafta og eg har juleferie.

1 comment:

Anonymous said...

må du se til å komme med noe nytt snart!
Bisouxxx (denne gangen fra Bodø!)