Monday, December 22

Jingle Bell Rock

Igårkveld såg vi Home Alone medan vi åt riskrem og jordbærsaus. Feeeeel goooood.
Musikken står som ein fantastisk herlig kontrast til dei valdtekne versjonane av gamle gode Jingle Bells. Årsverste: technoversjonen hørt i jævlig klesbutikk på Karl Johan + farting reindeers frå Jamba.

Er endelig ferdig med julegåvehandel. Deilig å sleppe å trikke rundt med eit lass posar, vond rygg og stygg hoste. Trur eg fekk vondt i ryggen på grunn av den stygge hosten. Skummelt å hoste slik, sjølv om eg ikkje røyker eller har vore i kontakt med tuberkuløse folk (turberkul....?)
Men trikken kan by på nokre lysglimt. Feks dette, fritt etter Eva: Eit gammalt ektepar sit på trikken. Kona er ganske oppkava, seier "ro deg ned" til ektemannen, som forøvrig ser ut til å vere ganske rolig. Så stoppar pluteseleg ikkje trikkeføraren der dei skal av. "No når vi aldri toget, på grunn av den forpulte sjåføren" kjem det frå kona og dei hoppar av på neste stopp.

Berre ei natt igjen i Oslo no før jul. Den skal tilbringast på venstre sida av senga, mi nyfunne yndlingsside. Kanskje rommet er ryddig også? (?!?!?!?!?!!!!)
Det blir fint med jul, men ekstra fint med 3-dagars ferie.

No comments: