Thursday, October 30

It's a jungle out there

Tirsdag kveld mens eg og Ingvild sat i mi trygge stove med tente stearinlys, røde roser, te, yade-sjokolade og bonderomantikk, var det nok langt mindre koseleg å ferdast i Brugata. Ein fyr med kniv stakk ned tilfeldige folk på gata. Desverre var han somalier. Dagen etter hadde til og med dei sløve narkomane som heng utanfor Oslo S fått det med seg. "De jævla somalierne ass" overhørte eg på veg gjennom zombiegjengen.

Igår var min første kveld heime aleine på lenge. Det var ganske fint. Eg kosa meg med pensum, te, Echo and The Bunnymen, risotto og dagdraumar. Dessuten gjorde eg noko anna eg ikkje har gjort på lenge: vaska kle. Gler meg veldig til å dra tidlig fra jobb imårra (sjølv om det av og til byr på artige øyeblikk. Som da Hildegunn, ei utrøyka, men veldig hyggelig dame på 60+ byrja å synge på "Drita full før Drøbakksund"...).

Paris + Ida = <3

Wednesday, October 29

Bursdagsønske

Det snør. Idagtidlig snødde det heftig og sidelengs. No er det kun nokre få snøflak att i lufta, resten smeltar om til sludd på bakken. Eg får endelig bruk for Goretexsko.

Den siste veka har vore som ei berg-og-dalbane. Eg har stort sett omgitt meg med fine folk, noko som har hjelpt på. Likevel har det vore ganske einsamt dei fleste kveldane.
og den einaste six-packen eg har fortært består av kleenex...

...men idag er det onsdag. Berre eit par fattige dagar til eg drikk vin med Ida i Paris og berre ei veke til eg kanskje får tidenes bursdagspresang: Barack Obama som amerikansk president!

Monday, October 20

A walk down memory lane

Sånn føltes det å lande på Flesland på torsdag. På Fantoft kom eg på våte sykkelturar med Ida til badmintontrening. På Danmarksplass tenkte eg heller på tyskvikariat og bensinstasjonjulebord. Dessuten var det digg å virkelig få bruk for stormparaply, ikkje berre drasse rundt på den i forsiktig og schizofrent regn som i Oslo.

Helga har vore veldig blanda. Såg eindel kule filmar på Biff. Dei beste: Religulous(deilig ode til agnostikarar), W (morsom Oliver Stone film om George W Bush) og La den rette komme inn(svensk oppvekst- og vampyrfilm satt til 70tallet). Og nokre meir middelmådige (veldig skuffa over Guy Ritchies Rocknrolla + Andy Kaufmans Synechdoche New York). Når eg ikkje var på kino var det koselig å spele Kortskalle eller TP med Knut og Erik Andreas. Ellers var det litt drama, mykje kos og mange tårer. Har aldri hatt så stor og vedvarande klump i halsen før. I nøden funka det å høyre på Tenacious D på vei til Flesland, for å komme på andre tankar.
Men det går sikkert snart bedre. Folka på jobb er hyggelige, Mamma er på besøk og snart får eg møtt mine næraste. <3

Tuesday, August 26

Keep it in the family

Det er kveld på i den nye leiligheten. Vi har tent lys og satt på oppvaskmaskina. Martin har funne ein radiokanal som spelar melankolsk klassisk musikk. 
Oslo sålangt har vore fint. Eg har truffe eindel av dei eg ville treffe, brukt pengar, vandra, trikka og sykla gatelangs og jobba ni 8-4 dagar. Dessuten har eg kjøpt meg treningskort :O :)
 
På søndag var eg litt vonbroten, men det er ikkje så ille å vere aleine. Heile det store rommet for meg sjølv. Fritt fram å rote, lese, synge, sove og stå opp. 

Idag var vi fem stk Oltedal rundt spisebordet. Vi slurva med isskeihygienen i trygg forvissing om at vi deler samme blod og sånn. 

Monday, August 11

Signed sealed delivered..

Har nettopp underteikna kontrakt og betalt depositum. Rar følelse å dra kortet for 30000kr. Er fint å vere framme i Oslo. Den nesten 11 timar lange bussturen var ein prøvelse, men no som eg er framme kan eg slå meg til ro med tanken på at eg aldri kjem til å ta den bussen igjen.

Elsker å sykle og gå gatelangs på Grünerløkka. Så mange koselige cafear, butikkar, grøntområde og folk. Gler meg veldig til å flytte inn neste mandag.

Helga i Bergen var veldig koselig den også, men no som Ingvild flytter nedover på onsdag, er det ikkje så mykje å sakne der borte. Kanskje valnøttbrødfrukost frå Godt Brød på Ingvild reine, fine kjøkken. Eller belgisk sjokolade & musserande. Eller Martin og Andreas. Men Martin kjem snart han og :)

Sweet.

Thursday, July 31

Søskenkjærleik

Eg og Andreas har det koselig. Vi er heime aleine, saman med Polly. Ikveld rydda Andreas huset, eg lagde chili con carne, og så gjekk vi tur på Solsidevegen. Deilig å ha litt kvalitetstid innimellom all jobbinga.

Ellers stresser eg litt med søknader. Skrive, printe, kopiere og sende. Dessuten stresser eg litt med at Polly plutselig skal dø. Slutte å hvese og stavre seg rundt i huset, ligge heilt stille og dø.

Fint/kjipt: Har brukt 2700kr på fine ting dei siste to dagane. Mellom anna eit innramma trykk. It's nice (and expensive)

Sunday, July 27

Sykling, sol og sveler

Det er varmt på vestlandet. Svette folk kjem innom museet og vil drikke brus og kaffi og ete vafler og rømmegraut. Igår kom ein slik mann inn i kafeen. Ein stor, tilsynelatande sterk og ganske svett mann. Han kjøpte kaffi, men fekk ikkje opp kaffikanna. Han spurte meg om å forsøke. Eg forsøkte og fekk den etterkvart opp. Han vart imponert og utbrøt:
Du er jo sterk som en gaffeltruck!

Ellers er det koselig å vere heime. Eg køyrer ein søt liten yaris, høyrer på lydbøker, syklar til jobb, heng med Silja (idag bada vi til og med i Jølstravatnet. Eg for første gang i sommar, ho for tredje gang idag), nyter Andreas sitt selskap, "prøvesmakar" rømmegraut og grue-gler meg til Oslo.

Monday, July 14

Mandagskveld i Mandal

Kom plutseleg på at eg har denne sida. Eller hadde, langt tilbake i steinalderen. Rart å lese kor mykje yngre eg var for nokre år sidan.

Sommarferien min har vore rolig, bedagelig, koselig,(litt) kjedelig, varm, grå, våt og (altfor) avholds. Har sett mange fine filmar (Blue Velvet, The Omen, Carrie, Vertigo, Short Cuts). Forrige helg var vi hos mine eldgamle besteforeldre. Der drakk vi Tou Eplemost, såg ut i den forvokste hagen og titta i fotoalbum. Likte spesielt det albumet barnebarna laga til bestefars nittiårsdag. Alle hadde skrive ned nokre minne om bestefar. Mine bar preg av ungdomsskulenovellespråk, full av skildringar og på klingande nynorsk. Martin sine minne var dei beste; dei likna på mine ved at dei tok for seg buksesele-draing og fysisk smerte, men i motsetning til mine var dei artige. Han skreiv ting som at "Det var alltid koselig å høre Bestefar fortelle om korleis det var å vekse opp i middelalderen".

Imorgon er ein ny og bedre dag. Eg skal sykle :)

Thursday, November 15

Brennande Kjærleik


Eg laga noko godt til Øystein igår. Sidan han hadde vore borte så lenge:P

Bacheloroppgåva mi skal vere ferdig på mandag. Helst på søndag, sidan eg skal på jobb på mandag. Aller aller helst imorgon. Sklik at eg kan rette prøver og rette skrivefeila mine i helga....
...men damn that edderkoppkabal.


Eg har skikkelig feel-good-musikk på øyret. Låter eg har digga før. Killamangiro, Mmmbop, Mixed Bizness, My Sharona og Seven Seas. <3

Idag begynte eg å dagdrøyme om reising etter jul. Det er slett ikkje lenge til. Nokre få månader. Alt som gjenstår er sprøytestikk, pakking og sekk til å pakke i.

Wednesday, November 7

Waldorfsalat

var berre ein av dei mange gode tinga eg og Ingvild serverte igår. Great success! Dessuten var det veldig hyggelige folk på besøk, veldig fine gåver og i det heile veldig fornøyelig kveld. Veldig er forøvrig eit ord eg bør prøve å luke ut av språket menmen. Die another day (oooh. kul referanse).
Uansett. Sovna med eit smil om munnen og det er slett ikkje så ille å vere 23. Det føles som om det er akkurat det eg er. Føler meg hverken eldre eller yngre. To år igjen til 25 og like langt fram til tredve som det er tilbake til videregåande.

Det nesten permanente smilet om munnen kjem av fleire ting, blant anna Gary Larsons samlede verker + 'Burde du le av dette?'. Fantastisk bok fra fantastiske Lars Erik.

....og i helga kjem Tuva og Morten.
<3 Tuuuuuvaaaaa <3

Monday, October 22

Høstsonaten

Det har blitt mykje film i det siste. Kanskje altformykje. Men det er berre Biff ein gang i året og det er berre ei veke til andreutkast av bacheloroppgåva skal inn.
Beste film: Eastern Promises
Beste filmquizpremie: uavgjort mellom gratisbillettar og store, svarte paraplyar
Beste/verste nye informasjon: at over 100.000 haiar kvar dag opplever at menneske skjærer av dei finnane, for så å hive dei tilbake i sjøen slik at dei blør ihjel. Slik at rikingar i Hong Kong kan nyte haifinnesuppe.

Ikveld har eg laga tyskprøver til undervisinga imorgon. Om 'The Edukators' + krig, fred, religion og politikk og sånn.
Dessuten har eg dagdrømt såpass at eg er reint svimmel, sjølv om eg sit ganske roleg i senga.

Forresten. Ein fyr spurte meg til råds om kva film han skulle låne (setting: hydro texaco, fredag kveld). Først lurte han på kva eg syns/visste om 'Revolver'. Eg svarte at eg hadde hørt utelukkande negative ting. Så spurte eg om han hadde sett 'Snatch' og 'Lock Stock'. Han sa "Hæ? Eg ser masse film men husker aldri navnet. Liker best action"
Men eitt navn hadde han merka seg. Nemlig Tarantino. "Det e han som lagde den derre Pulp Fiksjån og Kill Bill sant? Kill Bill er faen meg den dårligaste filmen eg nåkengang har sett".
Sweet.

Sunday, October 7

Remember to breathe

Haustferien har vore himmelsk. Fint vær, fine trær...
Vakre haustfargar, vene vener og familiemedlem.
Dessuten har eg leita fram nokre poesisamlingar i bokhylla til mamma. T.S. Elliot <3

Sogndal, Ås og Oslo har gjort meg sikrare på at eg vil og kor eg vil bu til neste år. Sogndal var avskrekking, Ås var kos og Oslo var perfekt.

Litt kjipt å komme tilbake til bacheloroppgaveskriving, tyskundervising, skittent sengetøy og kun pølser og is i frysaren.

Friday, September 28

Kakkmaddafakka

Igårkveld blei eg med Silja på ein konsert eg visste lite om og forøvrig heller ikkje hadde råd til. Shit så bra den var! Alt frå oppvarmingsartistar til pauseinnslag og ekstranummer. Etterpå var vi slitne av å smile heile kvelden. Og endelig har eg vore på Ole Bulls Scene. Skammeleg at eg ikkje har vore der før

Idag drar eg til Sogndal. Saman med Andreas, for å besøke Mamma. Det blir koseleg. Men først er det så uendelig mykje å gjere at eg ikkje trur eg gidd å gjere det.

Monday, September 10

Some more 17th of May

Martin and Ole were amongst the first who came
Ida helped out in the kitchen. We made A LOT of scrambled eggs.
With Anders and Ingrid.
More than 20 people were invited to the breakfast
Which meant queing to get into the kitchen.
Waiting for breakfast...
someone's hungry


We all finished our breakfasts and went over to the town centre to watch the parade. Martin looking sleepy/grumpy. Øystein and I met up with his parents, behind him to the left.


After watching the parade, we brought out the bubbly :)
very serious
very sursprised...?



Ingvild looking playful in her Romsdalsbunad.
Smiling with Øyvind, who owns and lives in our flat.
The two Romsdalinger. :P

The four cakes we made. clockwise from the front: my carrot cake, our strawberry and cream cake(which turned out to be twice as high as we had expected), Ingvild's 'world's best' (no kidding, the norwegian name) and Ingvild's amazing cheeze cake.



Posing with the huge cake.
Aww. Aren't they cute?
Tough guy Martin and sweetheart Andreas.





Øystein and Andreas caught out there, with their laptops.








Boys just wanna have fun
some boys however were feeling sleepy








and didn't mind having a midafternoon nap
..... Whilst others were busy cleaning up.








Martin relaxing after all that cake
Bodhild tucking into the customary 17th of May-hot dog.
Bodhild and Lars Erik









Andreas, Øystein and I went to watch the fireworks by the Lille Lungegårds-lake at eleven o'clock.
The Mayor of Bergen is a rather extravagant businessmogul-turned-politician. Hence the fireworks :)












Sunday, September 9

Vestlandslefsetid

Mmm. Appelsin, mango og kanelte. Eller russisk Earl Grey. Eller grønn te med Earl Grey-smak. Eller avslappande te. Og popcorn (eventuelt sprettmais), Oreos og Hot Fuzz til.

Denne søndagen er skikkelig søndag. Pøsregn ute. Koselige folk, film, mat og te inne. Dessuten blei eg ferdig med boka mi, the Prime of Miss Jean Brodie. Den var morsom, kort og fin.

Det føles som om høsten i Bergen kan bli fin, sjølv om eg trudde den kom til å bli litt kjip og slitsom. Vi har fått ein ny fyr i leiligheten, som er kjempebra. Fyren altså. Leiligheten er så som så + ny sofa. Og Ingvild har laga lefser!

Thursday, September 6

Curse of the Cold

Eg er forkjøla. Øystein er sjuk. Øyvind hostar. Stemninga har i det heile vore betre. Og eg har vore meir våken, initiativrik og happy. Dessuten tar dei polske bygningsarbeiarane 100år på å male fasaden av huset. Det må vere femte strøket dei held på med no, rett utanfor vinduet mitt.
Gladsak nr 1: Andreas har opptrådt på tv. På god morgen norge på tysdag
Gladsak nr 2: Eg har laga mi beste suppe så langt. Gulerot, søtpotet og koriander. NAM
Gladsak nr 3: Berre ei veke att til eg ser Tuva. <3

Sunday, September 2

Let them eat cake

Idag var det på tide å lage veldig forsinka bursdagskake til Øystein. Firkløverkake. Nam.
Ingvild blei bitt av kakebakebasillen og laga eplepai. Namnam.
No har vi skremmande lite kakerestar og er altfor mette. Men det har vore ein kjempefin søndag. Koseleg med besøk av Knut og Kristine, tp (sjølv om jentene tapte). Og imårra kjem Pappa. Og eg må lese ut "Young Adam", skrive grammatikkoppgåve, jobbe og trene.

Men alt er sweet.

Wednesday, August 29

Baconpølser og bensin

Eg har fått meg deltidsjobb. Ein skikkelig jobbejobb, som ikkje har nokon vidare underholdningsverdi, ikkje er særleg godt betalt og som ligg langt unna. På lørdag fylte ein fyr for 690kr og stakk av. Dessuten var det mange som snøvla fram namn på røyk og snus som eg ikkje ein gang visste eksisterte. Men eg skal ut å reise. Og det er ikkje så mange dagar i månaden.

Hadde min første skuledag igår. Eit seminar på 2 timar om ei bok eg hadde lese(!). The White Bird Passes, av Jessie Kesson. Den var fin. Til neste tysdag skal eg lese ut Young Adam av Alexander Trocchi. Den er like underhaldande som ein kioskroman, men likefult velskreven og pensum. Me like:)

Ellers er det fint å vere heime igjen. På nytt og nymala rom, aldri sove aleine, ete heimelaga müsli til frukost, drikke massevis av te og glede meg til alt som skal skje (alt utanom å jobbe på bensinstasjonen).

Wednesday, August 8

Summertime Blues

Eller... vel. Det er ikkje så ille. Det har vore litt sol dei siste dagane, den langdryge jobbinga er over og imorgon skal eg til England:)

Ting å glede seg og og til:
  • England. Familie, mat, vin, Bottesford, Nottingham, London, togturar, Øystein, Knut og Ingvild.
  • Engelsk i Bergen. The Modern Scottish Novel. Digg.
  • Asia. Eg og Ingvild skal ut å reise etter jul. Holiday in Cambodia og sånn.

Men sånn foreløpig er det litt kjedelig.

Wednesday, May 9

Lang dags ferd mot natt

Shit så trøtt eg er. To morningar der eg står opp i sekstida og tek bussen gjer slikt med meg.

Eg har ikkje vore her på lenge. Altfor lenge. Samstundes har eg vore altfor lenge og mykje på Facebook. Og altfor lite på lesesal.
Eksamen på tirsdag kan gå kjempedårlig. Eller heilt passe.

I mellomtida er eg blakk, trøytt, snop og treningssugen.
Aaargh.

Men ellers er alt fint. Det er snart 17. Mai :D