Monday, October 22

Høstsonaten

Det har blitt mykje film i det siste. Kanskje altformykje. Men det er berre Biff ein gang i året og det er berre ei veke til andreutkast av bacheloroppgåva skal inn.
Beste film: Eastern Promises
Beste filmquizpremie: uavgjort mellom gratisbillettar og store, svarte paraplyar
Beste/verste nye informasjon: at over 100.000 haiar kvar dag opplever at menneske skjærer av dei finnane, for så å hive dei tilbake i sjøen slik at dei blør ihjel. Slik at rikingar i Hong Kong kan nyte haifinnesuppe.

Ikveld har eg laga tyskprøver til undervisinga imorgon. Om 'The Edukators' + krig, fred, religion og politikk og sånn.
Dessuten har eg dagdrømt såpass at eg er reint svimmel, sjølv om eg sit ganske roleg i senga.

Forresten. Ein fyr spurte meg til råds om kva film han skulle låne (setting: hydro texaco, fredag kveld). Først lurte han på kva eg syns/visste om 'Revolver'. Eg svarte at eg hadde hørt utelukkande negative ting. Så spurte eg om han hadde sett 'Snatch' og 'Lock Stock'. Han sa "Hæ? Eg ser masse film men husker aldri navnet. Liker best action"
Men eitt navn hadde han merka seg. Nemlig Tarantino. "Det e han som lagde den derre Pulp Fiksjån og Kill Bill sant? Kill Bill er faen meg den dårligaste filmen eg nåkengang har sett".
Sweet.

No comments: