Wednesday, August 29

Baconpølser og bensin

Eg har fått meg deltidsjobb. Ein skikkelig jobbejobb, som ikkje har nokon vidare underholdningsverdi, ikkje er særleg godt betalt og som ligg langt unna. På lørdag fylte ein fyr for 690kr og stakk av. Dessuten var det mange som snøvla fram namn på røyk og snus som eg ikkje ein gang visste eksisterte. Men eg skal ut å reise. Og det er ikkje så mange dagar i månaden.

Hadde min første skuledag igår. Eit seminar på 2 timar om ei bok eg hadde lese(!). The White Bird Passes, av Jessie Kesson. Den var fin. Til neste tysdag skal eg lese ut Young Adam av Alexander Trocchi. Den er like underhaldande som ein kioskroman, men likefult velskreven og pensum. Me like:)

Ellers er det fint å vere heime igjen. På nytt og nymala rom, aldri sove aleine, ete heimelaga müsli til frukost, drikke massevis av te og glede meg til alt som skal skje (alt utanom å jobbe på bensinstasjonen).

No comments: