Friday, September 29
Rot og ryddighet
Men likevel. #¤%"#¤?!"§@$]. Eg finn ikkje husnøklane. Brukte dei sist igår på dagen. Har byrja sjå for meg alle moglege konspirasjonar mot meg. Nokon som vil fucke med hovudet mitt ved å gøyme eller stjele nøklane.
Kanskje eg bør sjå i undertøysskuffa mi. Det var jo der eos-kameraet låg.
Dagens mål: kanskje kjøpe meg ipodnano. Fekk Martin sin i posten igår, og den er så sinnsjukt fin! Veit, min er ikkje meir enn eitt år gammal, funker fint, men likevel. Ny ipod er så uimotståeleg. Apropos uimotståeleg. Skal snart møte Øystein. Gå ut og ete middag, henge, dra på innflyttingsfest hos Ann-Kristin og Kristen. Sweetness.
Sunday, September 24
Fotskammel til begjær
Oooh. Skummel, og veldig lys, Ann-Kristin. Med Ole i bakgrunnen.
Ingvild hadde kjøpt et fancy coctail-sett. Øystein fant det.
Sjenkeprosjektet mitt gikk sånn passe bra. Her representert ved en stor og ganske sterk drink, av litt ukjent innhold.
Glad. Og full. Og trøtt.
Koseleg augneblink seint på kvelden. Rett før leggetid.
Vi hadde innflyttingsfest på lørdag. Var litt redd for at vi skulle sitte der i stua utover kvelden, i beste Thomas-Andre stil, utan at nokon gjestar dukka opp. Det unngjekk vi heldigvis. Ingvild og eg unngjekk også å være edru, trøtte og kjede oss. Sjølv om vi etterkvart blei trøtte.
Ingvild spiste sweet&sour-saus til middag, og jammen dukka ikkje middagen opp igjen i fotskammelen. Rart. Idag har vore akkurat så sløv som ein søndag etter knallfest pleier å vere.
Thursday, September 21
Forbrytelse(skremming) og straff(hyllesnekring)
Idag har eg snakka om Hendry David Thoreau og transcendentalisme framfor engelskseminargruppa mi. Det gjekk heilt greit. Planen var å lese historie etterpå, men den planen virker å gå i vasken. Snart blir det kaffi med Tove og Aslaug. Eg må forøvrig bli flinkare til å lese, og dårligare til å sosialisere. Ikveld skal eg være begge deler.
Thom Yorke <3
Monday, September 18
Smil (og utringing)
Saturday, September 9
Før stressehelvete
Dei tre i kollektivet med rimeleg intakte sosiale antenner(i alle fall nokre av oss). Nr 4 satt som vanleg på rommet sitt. Kanskje legg han skumle planar der inne? Passiv-aggressivitet er skummelt.
Etter enda fleire vodka med appelsinjuice. Hyggelig samvære med bestevenninne.
Siden vi ikkje fekk tatt bilder på Garage, måtte vi ta nokre på kjøkkenet, framfor konsertplakaten. Det første koselige og anstendige bildet av oss.Mindre enn ei veke til første innlevering av bacheloroppgave. Eg har knapt rørt bøkene.
Må skjerpe meg. Fort.
Wednesday, September 6
Strange and Beautiful (I'll Put A Spell On You)
Å komme inn i flink student-modus er vanskelegare enn venta, sjølv om bacheloroppgåveinnlevering nærmar seg med stormskritt. Har nesten ikkje lese noko, og om ei veke skal første utkast vere levert. Eg gruer meg for å ta kontakt med veiledar, og for å lese og skrive. Det er så mykje, så interessant men først og fremst så mykje jobb. Dessutan amerikansk litteraturpensum. Las Herman Melville's "Bartleby, the Scrivener" igår og kjende meg særs flink. Likevel er det kun toppen av isfjellet(ikkje verdas mest originale metafor, men temmeleg treffande).
Ellers går dagane og nettene med til Øystein. <3
Ting går så bra at eg ikkje heilt klarer å tru på at dei skjer. At det kan vere så bra. At eg kan ha det så fint. Underlig. Og fantastisk.
Tuesday, August 29
Feel Good
Med Øystein framfor treet. Sjølv om han ville eg skulle slette det.
Folk på Malakoff. Veldig søtt med småbarn ikledd hørselsvern.
Lita ferje over til Nordfjordeid. Nådde den etter hasardiøs køyring i den stakkars gamle grønne.
Sommaren har ikkje vore all verdens. Med unntak av dei tre vekene ferie i byrjinga, og enkelte helger mot slutten. Feks den helga eg fekk besøk. Og dro på festival, var stressa, stolt og trøtt storesøster. Ellers merker eg at hausten kjem til å bli minst like bra som eg håpa. Alle dei herlige folka(spesielt dei beste. Dei aller aller beste), konsertar, øl, interessant(men altfor mykje) pensum, film, musikk, mat, badminton og herlig seng.
Fan-fucking-tastic
Monday, August 21
Skjærgårdsdoktoren
Og alt dette ein dag som byrja med at eg forsov meg.
Gler og gruer meg litt til dei neste dagane. Og er forvirra.
Wednesday, August 16
Bra i Bergen
Thursday, August 10
Kicking Television
Fjerdesiste dag på jobb idag. Merker at eg er så utrulig klar for å vere ferdig. Orka knapt gjere noko idag. Tenkte berre på Bergen, guttar, venninner og Wilco.
Apropos hausten og alt den måtte medføre; ting er forvirrande. Surrealistiske og vanskelige og fine og spennande og sjuke.
Men det ordnar seg sikkert. Det er trass alt mindre enn ei veke til eg skal drikke øl på hulen igjen.
Og ja, kjære Ida; liste skal bli:
- Filmklubb. Tenk så kultiverte og kule vi kjem til å bli. Også så kjekkt.
- Hulen. Sjølv om Welhavensgtresidensen no er bortevekk; det er ikkje langt gjennom Nygårdsparken.
- Italiensk. Kanskje. Fikk veldig lyst til å berre prøve meg på noko slikt, og tenk å vere klassevenninner.
- Universitetsbiblioteket og matpakkeprosjekt.
- Rekonstruksjon av den perfekte sommerkveld med reker, kvitvin og bra folk.
- Gå på polet. Spleise på vinkartongar, diskutere om vi skal kjøpe inn ingrediensar til drinkar, men komme fram til at Ida på sprit blir litt sånn... hm. Eller kanskje...?
- Gå turar. Både sånne med bratte bakkar og utsikt, som dei der vi berre går for å gå og sjå på hus og folk. Snakke, utlevere, kødde, le, ete is og finne fine plassar.
- Trene (litt). Berre sånn passe, sånn at vi får god samvittighet og blir herlig slitne. Så kan vi gå på butikken og kjøpe leverpostei etterpå.
- Teselskap. Vere veldig ladylike(du må forresten sjå "Little Britain", sånn at vi kan sitere det) med te og kake og sånn. Siviliserte.
- Middagsselskap. Teste ut fancy og/eller gode ting, invitere nokon få folk, kose oss. Eg har jo stort kjøkken no .
- Kjempefulleselskap. Med øl, eller vin, eller heilt andre ting.
- Dagen derpå-sosialisering. Du veit; grønne eple og lolipop push.
- Spillkveldar på kvarteret eller Strædet eller andre plassar som er koselege og har spel.
- Kanskje kanskje kanskje singstar hos dåkke. Må isåfall vere singstar-nachspiel, etter at naboane dåkkas har hatt technohorefest.
- Keen på å dra til Tyskland? Eg trur eg vil, og da kunne vi kanskje reist sammen? Må besøke Anders og Jens Martin.
- Gå på nokre fine, velvalde konsertar.
- Lage superduperpizza, Idas uforglemmelige kylling og pastasalat, gulerotkake.
- Glede oss til bursdagsfeiringar. Trur eg må vere i byen denne gangen.
Puh. Kanskje eg kan fortsette ein annan gang:)
Sunday, July 30
Rosinen i pølsa
Mange, mange gjestar på jobb idag. Baka fin rabarbrakake, som forsvann så altfor fort. Sure damer og koselege gamle menn. Barn som bråkar og spring barbeint rundt i galleriet. Dessutan fluger, men ingen sånn greie til å drepe dei med.
På slutten av dagen ordna eg alt i cafèen, låste og gjekk ut i Jølstravatnet og bada. Så utruleg, fantastisk deilig. Kaldt, klart, blå himmel, store fjell, drittungar langt der inne på stranda, litt gjennomsiktig badedrakt godt gøymt under vatnet. Kan ikkje hugse sist eg hadde det så bra.
Monday, July 24
Helgeidyll
Gode ting:
- Folk. Øystein, Anders, litt Lars Erik.
- Musikk. Både lytting til og prating om.
- Film. Alan Partridge, Little Britain, Lille Lørdag, Seinfeld, The Hitchhiker's Guide To The Galaxy men viktigast av dei alle: Magnolia.
- Spel. Føle-seg-rimelig-intelligent medan eg speler Trivial Pursuit, eller føle meg rimeleg uvitande når eg spelar Movie Mastermind med Øystein.
- Bergen.
Merker at dei neste og siste vekene kanskje blir verre enn dei føregåande, fordi eg no har fått ein smak på kor bra hausten kjem til å bli. Dermed kjem tida til å gå så seint.
Men av lyspunkt i Naustdalstilværelsen kan eg nevne Ingrid, Ann-Kristin(eg må rett nok reise til Jølster, men det skal eg jo uansett pga:), jobb(faktisk), bøker(forhåpentlegvis snart ferdig med Forbrytelse og Straff. Deretter ventar The Secret History, men no fristar On Beauty, som eg endeleg fekk i hende idag), plater(først blir det The Erasor, deretter Bow Down To The Exit Sign, og til slutt den derre... Black Holes and Revelations). Åj. Holdt på å gløyme potensielt besøk frå ein glad sørlending.
Nok oppramsing.
Thursday, July 20
Every Picture Tells A Story
I forsetet. På begynnelsen av den lange og nattlige turen frå Bodø til Trondheim.
Tuva i baksetet. Pappa sit forøvrig i forsetet.
Kirsten, Staffan og Ann Kristin i parken.
Ein hundeeigar, i kvitt i bakgrunnen, droppa hundehalsband. Lurt?
Her er den søte hunden.
Seint. På rommet til Tuva. Ikkje på Evergreen.
Tuva i velkjent positur. Dessuten hodet i sekken min.
To trøtte typer. På säfflebussen, som tok to timar lengre enn den skulle. Horebuss.
Turn Around.
Tuva i teltet.
Vi fann ein kjempefull danske. Vennane hans hadde gitt han vatn. Etterkvart vakna han og snakka om kor godt han likte Kaizers Orchestra, men først.....
.... Skål.
Utanfor teltet. Med Anne-Nora og Tuva.
Eg var aleine heime i fem dagar. Eg jobba. Etter jobb var eg for trøytt til å rydde. Dermed kom Martin og Andreas tilbake frå ferie, til eit noko uryddig hus. Men guttane visste råd.
På stuebordet. Med utsikt mot stolen med pringles
Etter lange, behagelige telefonsamtalar var også stolen flytta. Legg merke til isskåla ved telefonen.
Kjøkkenet. Før det blei rydda og Martin lagde oss genial wokmiddag.
Monday, July 17
If I was a rich (wo)man
Drøymesommar:
- Sove så lenge eg vil nesten kvar morgon.
- Lese alle gode bøker, blad og aviser eg kjem over.
- Kjøpe og lytte til nokre velvalde, nye eller gamle plater.
- Besøke alle dei eg saknar(aka Ingvild, Ida mfl). Vere litt heime hos dei, ta dei med på ferie(eg ville ikkje vore rik for ingenting).
Men akk.
Som i Belle and Sebastian-låta:
Oh! Get me away from here I'm dying, sing me a song to set me free
Dessuten er paddemannen stadig innom jobben. Det er ekkelt. Han er ekkel. Og nærgåande. Og sjølv om/fordi eg fekk sjokolade av han.....
Friday, July 7
Tvangstankar på personalmøte
Dagane går med til jobbing. Igårkveld var det personalmøte. Eg merka at eg muligens var overtrøytt; holdt på å briste ut i latter over ting eg såg for meg. Mine uuttalte innfall. Som når sjefen seier "dei konsertbillettane kan de slå inn på den vanlege billettasten. Fint om vi samlar alle billettar på ein tast". Fekk lyst til å foreslå å berre slå det inn på akkurat det vi hadde lyst til, for å skape litt spenning. Eit anna innfall var å tilsynelatande vere ivrig og konsentrert tilhøyrar medan sjefen legg ut om oppgjersrutiner, medan eg i realiteten fokuserer på fluga på armen hennar. I akkurat den rette augneblinken kunne eg langa ut med flugefangaren, slå til sjefen. Anyway. Mogleg det kun er i mitt hovud at dette er morosamt. Mykje mogleg.
Eg jobbar på Eikaasgalleriet no for tida. Lite gjestar, ingen kolleger. Dermed alle postkorta. Dessuten har eg endeleg byrja på "Forbrytelse og Straff". Den virkar ganske bra så langt. Er all grunn til å tru at den ikkje berre virkar, men faktisk er ganske bra. Likevel fortoner den seg som eit slags evighetsprosjekt; 760 sider. Men kva er det eg seier; eg skal jo jobbe på Eikaasgalleriet. Og bu i Naustdal. Sommaren kjem til å vare evig.
Sunday, June 25
Ække så iiiinnmari kult liksom
For fem minuttar sidag seier Tuva "Hm. Tar turen Trondheim-Oslo 4 timer? Trur den pleier ta 6. Og vi skal være framme klokka seks?" Eg høyrer dunk-dunk-dunk crescendo i hodet og piler ned trappa for å sjekke togtidene. Jajaja. Klokka 09.50!!!
Jesus Fucking Christ.
Ser for meg kossen det ville blitt imårra når vi nådde fram i god tid, klokka 13.00. "Tuva, den gode nyheten er.... vi er fortsatt i live. Den dårlige er...".
Sofa King Stupid(ooh. Den serien var litt undervurdert. Av og til).
Av nordlandsord som har gjort sitt inntog i vokabularet mitt denna helga:
Fitteslo=tja. Første delen seier seg sjølv. Andre del kjem av "fiskeslo". Men korleis det skal brukes og kva det betyr; derom strides de lærde(aka Ida, Ivar og Marianne)
Freaky frokost
Fotokollage i bryllupet. Kozelig.
Mamma.
Fine fontenegreier.
Sheffield.
Ingen elg, men likavel. Skogn by midnight.
Bensinstasjon in the middle of nowhere, mao. ein eller annan stad mellom Steinkjær og Mosjøen.
Heva øyebryn.
Utanfor Rock Cafè.
Gammal dame fremst i den lange taxikøa.
Veldig lang taxikø.Thursday, June 22
Om att og om att
Alt eg treng dei neste to vekene. I ein sekk. Ikkje ein altfor stor sekk heller. God damn.
Dessuten har ipod klikka, men snille, vene, vakre, veslebror lar meg låne sin. Mens han prøver å fikse min. Sweet:)
Gler meg veldig til Bodø. Familiefest og Ida; kva kan vel vere betre? tja... Oslo med Tuva, Jens Martin og Even. For ikkje å gløyme Roskilde. Idag fekk eg ordna telt, til og med. Ting skjer.
Først og fremst er det sjukt herlig med ferie. Såpass herlig at eg har lyst til å sitere Cliff Richard. Men av hensyn til andre... vel eg å spare på klisjeane.
Håper ikkje vi får motorstopp imårra. Og håper Pappa sovner på veg opp på Strynefjellet, slik at eg kan prøve å bryte lydgrensa. Sånn ca.
Tuesday, June 13
Pakkehelvete
Gleder meg som ein unge til England på torsdag, Bodø neste helg og Roskilde helga etter. Skikkelig deilig ferie.
Dei siste vekene har gått styggfort. Stygt fordi eg har jobba så mykje, og fort for samme grunn. Altfor fint ver til å jobbe, altfor lange dagar, lite søvn, lesing og soling. Men det har igrunnen vore fint. Greit nok. Og alt leier jo fram mot sommarens udiskutable høgdepunkt: ferien min.
Av herlige lyspunkt i kvardagen kan eg nevne:
-sol og tilhøyrande is
-The Unconsoled av Kazuo Ishiguro
-Neil Young
-Verdas beste postkort frå to av verdas beste folk(aka Ida og Ole. Ida eit hestehode framfor Ole, minst)
-rakett/kadett/grønt monster/skranglekasse/vrak(kjært barn, mange navn)
Men no: pakking.
Friday, June 2
High Speed
Vamoose - (US sl) go away quickly.
Takk, takk, da veit vi det.
Dei siste dagane har gått så uendelig, skummelt og deilig fort. Fra bilkjøring til Hannas(åj, det blir nesten Hamas) fantastiske nye hannas superduperhits-kassett. Enveis & stengt gatehelvete i Bergen sentrum, men det ordna seg. Blei etterkvert litt inne i gatesystemet, og kunne imponere(øhm, ok, kanskje det er å ta vel hardt i, men ikkje skuffe eller utsette Ida for unødig fare eller omvegar). Litt ihvertfall.
Verdens beste kebabsjappe/bryllupmiddagslokale i Gravdal, kjøring utover, skulle nesten hørt på "Go West", men det får bli neste gang. Ulovlig parkering, råning, nesten-vitne-til-blind-mann-overende-på-motorveien, slagskip, rimibutikkar sjølv i den ytterste periferien og lange, kalde fingrar(ikkje mine). Alt dette handler sjølvsagt om biltur med Ida igår. Fan-fucking-tastic.
Pub quiz og eksamensfest var sjølvsagt fleire høydarer, men høgst av dei alle er torsdag morning og ettermiddag-kveld. Eksluderer, eventuelt set parantes rundt formiddag/midt på dagen ettersom den bar meir preg av litt unødvendig selskap, sult og sko.
Jobbing er igang, uten at eg kan kalle det helvete. Idag var det nærare himmelen, faktisk. Kompliment, smil, latter, spørsmål, applaus og kaffe med varm melk.


