Wednesday, June 3

Gul og blå

Dei siste vekene har det vore skule nesten som normalt, men elevane har vore delt inn i gule og blå grupper og hatt kvar sine dagar på skulen. Og akkurat når eg byrja å bli vant med det, så kom kontrabeskjeden om skule som normalt. Heldigvis er det snart sommarferie (mentalt er eg allereie på full fart inn i feriemodus). Og barna trivest med endelig litt meir normal kvardag i barnehagen.






Thursday, April 9

Skjærtorsdag

I dag har eg vore på Burudvann for fjerde gangen på tre dagar. Frida og Daniel overnatta der i telt frå tirsdag til onsdag, og så tok Magnus over for Frida frå onsdag til torsdag.




(ser no at båltenning i marka blir fraråda - gjekk heldigvis bra, stort sett)

Heime har det vore koselig å ha eitt barn om gangen. I går åt Frida og eg sushi og såg Kiki's Delivery Service - skikkelig kvalitetstid. Og no er det virkelig snart påske. Eg skal prøve å lage hot cross buns for første gang (prøver å lage candied Citrus Peel ikveld...) og vi må endeleg få malt egga. Rart å tenke på at vi egentlig skulle hatt vår siste fulle dag av Englandsferien i morgon og vore på eggleiting ved Anglesey Abbey.... Forhåpentligvis blir det ein koseleg og ikkje altfor lang langfredag.



Friday, March 27

Pannekakemiddag

No som vi er heime heile tida, prøver vi å imøtekomme ein del av middqgsønska til barna, utan at det blir altfor usunt eller einsformig (Magnus vil alltid ha spinatpasta, men prøver å trappe litt ned på det. Vi andre byrjar å bli lei - for meg er det snart 12 år sidan eg blei hekta på det). Så her ein dag blei det grove pannekaker a la Lise Finckenhagen


med sirup og sitron a min barndoms pannekakemiddagar.

Magnus og eg gjekk tur til toppen av trappene bak barnehagen.

Frida og eg tok eit altfor varmt bad

Magnus og meg med vekesplanlegger & Boka om den ville ungen

Magnus tester ut puffa ris (som vi aldri fekk ha heime, og som eg difor fråtsa i hos Linn) og Frida er på iPad...


Tuesday, March 24

Unntakstilstand

Vi har snart vore heime i to veker med begge barna og heimekontor. Dagane går litt inn i kvarandre, samtidig som undervisningstimeplanen skal følgast. Heldigvis har det vore fint ver, men det er vanskelig for Magnus å forstå at han no ikkje kan leike med alle nabobarna og i alle fall ikkje besøke nokon heime.

Det har vore solbrillever:


Og variert og stort sett god lunch og middag, her ein instagram-vennlig vegetarmiddag (i tillegg kom linser med fennikel, løk og ein overdose safran - Magnus hadde plutseleg helt resten av safranglaset i gryta):


Og dei store prosjekta for barna er:

  • bleieslutt for Magnus (går ganske bra) og 
  • at Frida skal lære å sykle (endelig!)



Saturday, August 10

Skrivestress

Dei siste vekene har barna gått i barnehage, Daniel har vore på jobb og eg har vore heime og stressa fram mot deadline. Det føles ikkje som ideell oppkøyring til eit nytt undervisningsår, men satser på at den siste fridagen (mandag!) blir fin, og så er det jo ikkje så aaaltfor lenge til haustferien. 

Men, heile sommaren har ikkje vore stress. I juli hadde vi stort sett skikkelig ferie. 
 Første etappe var ei veke hos Mamma/Granny i Volda.

Vi fekk feira 61-årsdag i britisk stil. 
 Etter ei veke i Volda joina ein solbrent Daniel oss, og vi reiste sørover til Naustdal.

 Her eit fellesbilde hos Silja, på vegen heimover.
3årsdagen til Magnus! Rett før avreise til Grebo.
Den varmaste helga på ei stund - deilig med airconditioning på Henie Onstad. 

Og nokre øyeblikk med søskenidyll. Ofte er det kamp om oppmerksomhet, høgt lydnivå og krangling,  men her er det upåklagelig god frokoststemning (klokka 07 på ein søndag), og ikveld, når eg og Frida er aleine heime og har hatt koselig jentedag, er likevel det siste ho seier før leggetid: "jeg savner Magnus. Det er mer gøy når han er her". 


Tuesday, June 25

Stor bølge (liten bølge)

I ettermiddag kom vi heim frå ei langhelg i Arendal og Kristiansand og Magnus har fått dilla på denne sangen - særleg etter båtturen med Onkel Einar idag.

Magnus var ein del redd, men blei tøffare etter ein pause og utforsking av ei øy.
Frida var generelt tøffare gjennom heile helga, også på dagens båttur.

Helga starta med sol og køyring mot Arendal. Her stoppa vi langs vegen ved Bamble.
Vel framme på Barbu Brygge venta Ingvild, Eivind og Thorvald, ei heilt ny leilighet og ein koselig småby å utforske. På søndagen venta Dyreparken.

Tidlig krøkes som god Dyreparken-kjenner skal bli.


 Kutoppen var stor suksess, saman med jungelbob, tømmerrenna og Hakkebakke-toget.
Og etter ein litt slitsom slutt på dagen sa vi hadet til Ingvild, Eivind og Thorvald, reiste heim til onkel Einar og tante Marie på Hisøy og lada opp til andre og siste dag i Dyreparken.




Gårsdagen var ikkje like varm som søndagen, men Frida og eg gjekk endte likevel opp med ein tur i Badelandet, noko eg angrar litt på i kveld....Satser på at denne forkjølelsen ikkje varer like lenge som den forrige (for eksempel 3 dagar istedenfor 3 veker).

Elles har kveldene vore prega av sein og vanskeleg legging, så no er det fram med Misvær, Sove-Karin eller kva som helst.

Saturday, May 18

"urettferdig over vannet, med de tusen hjem"

Begge barna har sunge nasjonalsangen i barnehagen den siste veka. No får dei begge til melodien og mesteparten av orda. Eit av dei finaste minna frå gårsdagen var når barna forsvann under kjøkkenbordet og sang Ja vi elsker i kor medan vi år frukost.


Etter frukost gjekk vi opp til krysset mot Grav skule og fekk sjå både toget frå Grav og toget frå Steinerskolen.




Litt leiking under treet bak huset


Etter sovinga til Magnus kjørte vi tvers over Bekkestua og heim til Kenneth og Rannveig. Det var vi 11 barn under seks år, og 12 voksne. God stemning, leikar, sol og kos.

I femtida kjørte vi heim igjen og blei med på 17maifeiring i nabolaget. Akkurat i tide til å ete kake, bli med på rebusløp for barna, sjå fotballkamp og vere litt sosial. Og til slutt, etter begge barna var lagt, rakk eg to glas rødvin på verandaen til Camilla og Thor. Innholdsrik og koselig 17 mai.

Thursday, May 16

More Time

Denne veka er det deadline på ein oversikt over kapittel to i læreboka. Det er skikkelig slow going å bestemme seg for ting, skulle ønske eg hadde meir tid, meir overskudd, fleire idear. Høyrer på Linton Kwesi's "More Time", som eg fann i ein poesiantologi, og som sannsynlegvis blir utgangspunkt for eit oppslag, når eg berre får litt meir tid...

I det siste har eg lese både "Stress og korleis leve med det" av Anne Gunn Halvorsen, og "Overwhelmed: Work, Love and Play when no one has the Time" av Brigid Schulte. Mange a-ha-opplevingar, nokre gode forsett, men likevel vanskelig å følge opp og vere konsekvent. Litt som å lese bøker om barneoppdragelse. Apropos barneoppdragelse:

Breze som ein pre-dinner-snack (Backstube har opna filial 5 min frå skulen min! Farlig, farlig)

Frida med Sørlandsbolle på Samson.

God stemning på vegen heim frå barnehagen (sånn sett litt utypisk)

Klare for dagens 16 mai-feiring i barnehagen.

Saturday, April 27

Lost in the Supermarket

Eg har vore hekta på den sangen i det siste, og sjelden har den passa betre. No for tida er vi utan kjøleskap mens vi ventar på levering av nytt kjøleskap, som stadig blir meir forsinka. I mellomtida klarar vi oss med ein kjøleboks frå Biltema som ikkje har all verdas plass, og som durer konstant. Dermed er handling av mat blitt vanskelig - minst mulig av det vi et må vere avhengig av å lagrast kjølig.


Elles har det vore fine vårdagar heime i byggefeltet:
Vatnleik hos Camilla og Tor

Besøk av pollenallergisk mamma/granny. Ho kom med kortspel, terrier-forma shortbread og ein sjokoladedinosaur, og vart overrumpla av gigant-hengebjørka som står rett bak huset vårt.

Og elles har vi gode ferieminner frå påska i Verona
Og to barn som leikar og tullar stadig meir saman. Endelig litt valuta for å ha fått to barn på 2.5 år.
Neida (joda).