Eg har vore hekta på den sangen i det siste, og sjelden har den passa betre. No for tida er vi utan kjøleskap mens vi ventar på levering av nytt kjøleskap, som stadig blir meir forsinka. I mellomtida klarar vi oss med ein kjøleboks frå Biltema som ikkje har all verdas plass, og som durer konstant. Dermed er handling av mat blitt vanskelig - minst mulig av det vi et må vere avhengig av å lagrast kjølig.
Elles har det vore fine vårdagar heime i byggefeltet:
Vatnleik hos Camilla og Tor
Besøk av pollenallergisk mamma/granny. Ho kom med kortspel, terrier-forma shortbread og ein sjokoladedinosaur, og vart overrumpla av gigant-hengebjørka som står rett bak huset vårt.
Og elles har vi gode ferieminner frå påska i Verona
Og to barn som leikar og tullar stadig meir saman. Endelig litt valuta for å ha fått to barn på 2.5 år.
Neida (joda).
No comments:
Post a Comment