I dag har eg vore på Burudvann for fjerde gangen på tre dagar. Frida og Daniel overnatta der i telt frå tirsdag til onsdag, og så tok Magnus over for Frida frå onsdag til torsdag.
(ser no at båltenning i marka blir fraråda - gjekk heldigvis bra, stort sett)
Heime har det vore koselig å ha eitt barn om gangen. I går åt Frida og eg sushi og såg Kiki's Delivery Service - skikkelig kvalitetstid. Og no er det virkelig snart påske. Eg skal prøve å lage hot cross buns for første gang (prøver å lage candied Citrus Peel ikveld...) og vi må endeleg få malt egga. Rart å tenke på at vi egentlig skulle hatt vår siste fulle dag av Englandsferien i morgon og vore på eggleiting ved Anglesey Abbey.... Forhåpentligvis blir det ein koseleg og ikkje altfor lang langfredag.



No comments:
Post a Comment