Sunday, July 7

Tårerekord

Filmfest München er over, og eg har satt ny personlig grinerekord til ein film, i alle fall no i mitt voksne liv ("Black Beauty" som 12-åring tel ikkje heilt lenger).

 Denne filmen, den japanske "Like Father Like Son", forårsaka tårerekorden. Eg grein til og med minst like mykje morgonen etter, når eg skulle forklare Daniel kva som skjer i filmen.


Ellers har eg sett 11 andre filmar, nokre bra, nokre dårlige og mesteparten midt i mellom. Den einaste andre eg likte godt var "What Maisie Knew" - mykje på grunn av Aleksander Skarsgaard, men også fordi historia var så fin og trist. Og "Der blinde Fleck", om konspirasjonsteoriar rundt Oktoberfest-bombeattentatet, var også bra.

No er det plutselig berre nokre få dagar att i München, på kvar si side av ei vekes ferie i Austerrike med Mamma, før vi flyr heim til home sweet home, Fuglehauggata, oppvaskmaskin, tv, dobbeltseng, dusj, parkett, veranda, stille naboar, stort og tomt (men ikkje for lenge) kjøleskap, Frognerparken og etterkvart oppussing. Can't hardly wait.

Tuesday, July 2

What's the world got in store

Den nydelige Wilco-låta har eg vore avhengig av dei siste dagane, og eg har hørt på den mange gangar på vei til og frå kino. Det er nemlig filmfestival i München denne veka, og sidan eg nesten har sommarferie no, har eg kjøpt gullkort til meg og sølvkort til Daniel - tilsaman 16 kinobillettar. Siden Daniel har semesterinnspurt, samtidig som han forøvrig er sjuk, har eg stort sett gått på kino aleine. Litt skummelt å komme heim til Pasing etter at siste bussen har gått og måtte gå eller ta taxi heim aleine med skumle scener frå filmen eg nettopp såg surrande rundt i hodet.
Sålangt har eg sett fire filmar: meksikanske "Heli", amerikanske "Stuck in Love", engelske "Everyday", og "Harms", ein tyske gangsterfilmen frå München - som var den mest skuffande av filmane sålangt. Ikveld skal eg sjå ein filipinsk film som heiter "Thy Womb" og deretter amerikanske "Yellow". 
S-bahnestasjonen i Pasing i solnedgang, på veg til kino
Fontenen ved Universität, på veg heim frå kino



Sidan sist har vi også vore på ein liten utflukt til Garmisch-Partenkirchen

Først lunch og min nye favoritt: Rhabarberschorle

 Deretter bar det opp til skistadion og stien vidare
 ...til Partnachklamm. 
 Veldig dramatisk gorge - som er enda meir dramatisk, og skummel, om vinteren, når det heng lange istappar ned overalt. 

 Etterpå gjekk vi opp på ein åskam med litt tåkete utsikt mot det vi trur er Zugspitze
 Viktig å holde blodsukkeret oppe.
På veg ned tok vi ein snarvei, og fekk samtidig bekrefta at Daniel har eindel meir høgdeskrekk enn meg, og at eg kan vere litt bøllete i taubanevogn. 

Sunday, June 23

Heatwave

Den siste veka har eg merka kor glad eg egentlig er i norsk sommar. Her i München har det nemlig vore opp mot 34-35 grader i fire dagar, fleire av desse arbeidsdagar for meg. Har merka kor utfordrande det er å opprettholde energi og kustus som vikarlærar i små klasserom med dårlig fungerande vifter, og elevar som er meir enn klare for sommarferie. I den grad vi har greid å vere aktive, har vi gått kveldsturar, slik som her, til Nymphenburg:

 Etter to timers gåing langs kanalen frå oss kom vi endelig fram, ti minutt før dei stengte parken for kvelden.
 Alpene bak kveldsskyene
 Alpene bak skyane ein gang til, men her var vi ein tur ute på dagtid (!). Vi tok banen til Starnberger See, og ca fem meter frå S-Bahneperrongen ligg denne strandpromenaden.
 Og enda litt lengre bort fann vi dette strandområdet. Klaustrofobisk fullt, men i slik varme turte/orka eg å bade likevel.
 Treffande navn på iskremkafeen på kjøpesenteret vårt. Diverre har vi starta med eit nytt og bedre liv som involverer snop, is, kaker osv kun som lørdagsgodt. Men har bestemt oss for at neste gang det blir like varmt, så kan vi gjere eit unntak for saftis.
 I tillegg til MIS-jobbing, har eg hatt to kveldskurs i norsk. Der har vi blant anna snakka om sommarferie, kva kursdeltakerane ser på som typisk tysk (Mülltrennung, Autos, Ordnung) og typisk norsk (dårlig kaffi, ski, å samanlikne seg med svenskar).
På fredag og lørdag sank temperaturane til eit meir behagelig nivå, og igår tok Daniel og eg ein tur inn til sentrum der vi kikka i antikvitetsbutikk og fann desse sporty pyntegjenstandane. Kanskje noko å bruke bryllupsgavepengar på?
Ellers endte vi opp med mest vindusshopping i glassmagasinet, ein bedre middag hos stamrestauranten vår ved Viktualienmarkt og til slutt eit besøk på eit av yndlingsmusea våre - Stadtmuseum. Fekk med oss blant anna ei kjedelig cowboyutstilling og ei langt bedre utstilling av 70tallsmote - med passande soundtrack og belysning. Idag har vi nytt ein rolig, regnfull søndag her heime og dagdrømt om bryllupsreise til Lofoten.

Tuesday, June 18

Weekend surprise

Denne helga har Ingvild og Eivind vore på besøk. Det har vore superkoselig, og såpass bra at eg blei litt emo då vi kom aleine tilbake til studentheimen søndag ettermiddag.

Det var nemlig nettopp på studentheimen helga starta, då Ingvild og Eivind kom fram seint onsdag kveld blei dei nemlig innkvartert i min (very) humble abode. Men vi tilbrakte ikkje så mykje tid her heime. Torsdag var det fint ver, og vi dro inn til sentrum for å tusle rundt, shoppe, lunche og sjå på surferane i Englischer Garten

 Eit steinkast frå surferane fann vi oss eit bord i skuggen ved Haus der Kunst
 Måtte psyke oss opp før vi gjekk ein tur gjennom parken på vegen heim - og havna midt i den hovudsaklig mannlige og middelaldrande nudistkolonien....
 Og no noko heilt anna enn nakne middelaldrande menn: ein deilig forrett på Aquarello (scampi med safranskum og courgetteblomst)
 Marta og Alex møtte oss på middag
 Happy med endelig å ha testa den beste italienske restauranten i München
Og til slutt eit gruppebilde inne i restaurantlokalet, som var ganske kitchy-dali-aktig.

 Vel framme på Chiemsee, ganske turistifisert, men framleis veldig fin destinasjon, fredag ettermiddag
 Etter to dagar med innspurt før delgjennomgang og to netter i ei marital bed på 90cm, tar Daniel seg ein velfortjent blund i hotellsenga.
 Minivors i den tyske kroken på rommet til Ingvild og Eivind, inklusiv skvipete tysk rødvin.


 Dette var derimot ikkje skvipete, men superdigg tapas.
Og Sangria. 
Masse Sangria. 

Daniel med ein Al Capone (ganske badass drink-navn)

Men den store overraskelsen denne helga var det Ingvild, Daniel og eg som sto for. Eivind trudde vi skulle leige ein gammal golf, så overraskinga var difor ganske stor når han her skjønner kva slags bil han skal køyre resten av helga:



Sunday, June 9

39

Kun 39 dagar til vi flyr heim! Heilt sjukt at året snart er over. Men no som det framleis er litt tid igjen, prøver vi å nyte dagane her. Særlig dei dagane det er fint ver, slik som på torsdag.

 Då dro vi på romantisk date i sola i Olympiapark. Det blei ikkje like romantisk som vi hadde tenkt oss då det ikkje gjekk an å leige båt, men ganske digg å ligge på graset og følge med på hundane som leika i og rundt vatnet (den søtaste: ein leiken Corgi)
 Deretter dro vi på Burger House og åt Münchens beste burgerar (med vilt usunne, men digge cheese fries).
 Forrige helg var vi forresten ein lyntur heime i Norge (om vi finn kabelen til kameraet vi hadde med oss, kjem det kanskje nokre bilder frå Bergens-bryllupet). Daniel irriterte seg over kor mange tyske aviser eg plukka med meg - frå Terminal 2 her i München, som kanskje er verdens diggaste terminal. Gratis aviser, gratis drikke, og alt ein kan ønske seg av digge designbutikkar og Jo Malone.
 Denne helga var mindre edruelig enn den forrige, og vi fekk lov til å crashe ein gentleman-kveld i ein annan studentheim. Her poserer Daniel med ei sjokolade, kastanje og karamell-kake.
Alltid kjekt å sjå korleis det ser ut på andre studentkjøkken. Apropos kjøkken - igår hadde vi Stockwerksessen på kjøkkenet mitt, og merker at eg enten har blitt veldig mykje meir voksen på eit halvt år, eller så var det forrige Stockwerkessenet berre mykje bedre. At det forrige gang endte med at politiet kom indikerer kanskje at det var ein bedre fest, kanskje.

Og sjølv om det er 39 dagar igjen til vi flyr heim, er det kun 3 dagar til Eivind og Ingvild flyr hit!

Friday, May 31

In medias weddings

Idag har vi vore gift i tre veker. Ganske vilt, både kor fort tida har gått og kor koselig det er å vere gift. Det som kunne gjort det enda koseligare var om veret i München var finare og om Daniel hadde mindre å gjere på skulen.

 Her tar Daniel ein etterlengta pause i skulejobbing for å bli med på søndagsmiddag hos Marta og Alex, i regn a la høstdag i Bergen.
 Plutselig fann vi eit ganske treffande sitat frå nokon vi kjenner i kalenderen vi fekk frå Silja og Olin. Litt av eit motto for Valentines Day forresten.
 Heldigvis har det ikkje vore berre dårlig ver, men den eine dagen med fint ver tilbrakte eg på jobb - denne gangen som Science teacher. Men fekk tid til å ete matpakka mi på enga bak skulen.
 Administrasjonen er den finaste delen av skulen, men bak den fine fasaden skjuler det seg ei leiing som  vel ikkje kan kallast fin. Uansett. Er ikkje sikkert det blir så mykje meir vikariering, sidan det snart er sommarferie. Det eg kanskje kjem til å drive med av (litt) lønnsomt arbeid er norskkurs på folkeuniversitetet, eit for nybegynnerar og eit for vidarekomne.
 Idag har eg fiksa alt som fiksast må før vi flyr heim i ettermiddag (bortsett frå å finne passa våre - ah, der fann eg dei også).
Som lønn for strevet unna eg meg sjølv ein Quarktasche. Det beste tyske bakverket (i alle fall sidan Faschings-Vanillekrapfen). 

No: Bergen neste!


Saturday, May 25

Come back

Om det skjedde mykje i april, så har det skjedd enda meir i mai. Sidan sist har vi rukke ein konfirmasjon, mange bryllupsførebuingar, bryllupsfeiring, mini-bryllupsreise, retur til München og ein slags hvetebrødsdagar her, kun moderert av studentheim, studier og vikarjobbing. Og soundtracket til desse første vekene som nygifte har vore den nye Daft Punk-plata + sesong 4 av Breaking Bad (som kan vere både bra og dårlig for forholdet mellom meg og Daniel - ein kjip episode = kjip Hanna, medan ein happy ending = ein heilt annan versjon av meg sjølv).

Men, first things first.

 Vi leigde bil og satte kursen mot Seljord
 for å feire konfirmasjonen til Eivind.
 Med tapas og påfølgande kakebord....... just what the doctor ordered 5 dagar før bryllup og brudekjole
 Daniel ser hunky ut med barbie-partyhatt.
 Vel heime på Sagene testa vi ut dei nye 3d-brillene for å sjå Life og Pi på den nye tv'en.
 Hunky in 3d (glasses)
 På tirsdag byrja vi for alvor nedtelling til bryllup med familiemiddag med tapas a la Ingvild og Hanna


Sjekker ut kven som blir høgast i bryllupet
 Flaskeopptelling etter middagen - meir enn vi hadde regna med, men likevel berre ein liten forsmak på fredagen.
 På onsdag byrja den store dagen virkelig å nærme seg, og eg og Ingvild var rundt omkring i Oslo og Akershus heile dagen og fiksa, ordna og handla inn til dei to neste dagane og feiring.
 Dagen før dagen såg det slik ut utanfor Villa Malla. Vått x 1000
eller ca. a la Bergen


 På torsdagen hadde vi dagen-før-dagen-get-together i huset vi leigde. Her har vi akkurat varma, serverte og fortært ca 16 liter sodd, og lagar klar kakebord istedenfor.
 Litt kaos, men mest koselig med ca 40 folk i ei ikkje veldig stor stue.
 Dei engelske + Kim og Tonje
 Sisterhood
 Med Marta - saman med Alex og Ane, den mest langreiste gjesten.
 Kaketid
 Granny, Unni og Penella
Med Ryan og Jenny
 I tillegg til Mamma og Ingela, mine to største hjelperar .
 Søte Atla og Kristin :)

 Nervøs på bryllupssalong!
 grå-fint ved Villa Malla
 Dei første gjestane byrjar å komme. Her Unni og Arnstein
 Linn og Lars
 Soon to be svigerforeldre
 Brudgom med nervane sålangt under kontroll
 Meg og Pappa: not so much
 Andreas spelte cello
 og Martin gitar
 Smil og fotoapparat
 Vakre Ingvild i eit av dagens få rolige øyeblikk.
 Såpebobler
 Og på vei ut til våt og kald fotografering
 Hendene våre er ein indikasjon på kor kaldt det var
 Men etterkvart trakk vi inn under desse lampene for å ete middag, tale og høyre på talar, sjå overraskelses-video, kysse og klemme
 Klein men koselig første dans.
 Og den superdigge kaka!
Og kveldens siste bilde - i alle fall før eg får Ingvild sine ca 500 bilder frå nachspielet - Daniel klarer å bære meg over dørstokken, and lived to tell the tale (dvs ingen akutt prolaps).

Og ja, sålangt, etter to veker, er det å vere gift heilt fantastisk fint, koselig, morsomt, romantisk, deilig, trygt og herlig.