Wednesday, November 25

God stemning

Ane og eg var temmelig begeistra for årsbeste hovudrett: hjorteplomme.
Bursdagsbarnet og den søte sørlendingen på Potetkjelleren
Frukostbordet dagen derpå

Kom nettopp heim til Oslo. Home Sweet Home, heime aleine med pasta, trash-tv og meir eller mindre ferdigskrivne oppgåver. Dei 16 timane i Bergen gjekk altfor fort, men eg fekk heldigvis tid til frukost med söta bror (som har latt “god stemming” infiltrere språket sitt). Togturen heim var heilt ok. Deilig å sitte i komfortvogna der ein kan forsyne seg av te og aviser. Og finne fram til likandes musikk på mac’en til Daniel.
No: lett innleverings- og eksamensangst.

Monday, November 23

Bibliography bitch

Eg har vore på Sophus Bugges sidan klokka åtte idag. Ny personlig rekord 3 dagar før første semesteroppgave skal leverast :s
Inga kom samtidig og saman fann vi oss eit kollokvierom. Dermed har vi kviskra, ledd høgt, knaska knekkebrød og sukka utan å sjenere andre. Og lese, sjølvsagt.
No er eg snart ferdig med den eine av dei to oppgåvene mine. Skal berre fikse den o så store bibliografien. Blir deilig å ta banen heim, komme til dekka bord og kanskje ha samvittighet til ein times flau trashtv ikveld.

Friday, November 20

Potetkjelleren





Tilværelsen har blitt overskygga av dette prosjektet den siste veka. Det har kosta stress, svette, søvnmangel og generell frustrasjon. Men idag er det framføring og etterpå får eg kjæresten min tilbake.

......og så køyrer vi til Seljord.

Monday, November 16

Mmmmat

Pappa var på besøk i helga og kjøpte denne deilige kaka. Nam!
Eg lagde digg chili con carne og fikk minst like digge gjestar på besøk.
Grusomt.



Men idag er det tilbake til den akk så mørke og kakelause kvardagen. 105 samtalar på jobb + eit par andre telefonar. Blant anna om kva vi skal ete til middag idag:

Hanna: eg tenker å lage gulerotsuppe, med koriander og creme fraiche. Noko litt sunt.
Daniel: jeg er keen på noe skikkelig kjøtt, kanskje biff.
Hanna: altså det heilt motsatte...

Kanskje eg kan vere sunn imorgon istaden. Med terrific Tuva.

Sunday, November 8

Sjokoladeterapi





Eg skulle skrive 4000 ord om The Bell Jar forlengst. Isteden har eg leika med ballongar, ete Godiva og vore forelska.
...dermed ligg alt til rette for helvetesveke.

Friday, November 6

B-Day

tiiiidlig på morgonen fiksa vi frukost
og åpna gåver
og åt frukost
Min o så fotogene kjæreste :-*
og nytt blomsterprosjekt....
freaky (og macho)kjøkkenposering
...meteroseksuell?
Søt
The Beautiful Team Bruaset
Happy for rødvin
litt salig
Og endelig: mat
tydelig Ida, utydelig meg
og omvendt

Eg hadde bursdag igår. Leiligheten er framleis full av ballongar, men gjestane er forsvunne. Heldigvis saman med mesteparten av maten. Og best av alt: ingen kakerestar. 25årsdagen er min yndlingsbursdag :)

Wednesday, November 4

nettopp24.no

Eg gjekk forbi ein sånn stand på Oslo S igår. Følte at slagordet snakka til meg, men så kom eg på at eg snart ikkje er 24 lenger. Og apropos at eg snart ikkje er det lenger; stress! Eg må fikse alt mulig på min siste dag som 24åring. Så mykje at eg ikkje får tid til å kjenne på korleis det er å vere nettopp 24.

Men eg gler meg til å fylle 25 (aka eit kvart århundre...yikes). Eg gler meg først og fremst til å sprette ei flaske champagne klokka tolv saman med mine to aller, aller næraste. Deretter ei natt med varme, trygge armar rundt meg og ein laaaang, deilig frukost. Med tre stk premiumjuicar. Og bursdagskort og og og.

No: husarbeid til lyden av Lily Allen og Razorlight.

Sunday, November 1

Let's fall in love

Ein kan aldri vere forsiktig nok. Sov-i-ro-hylster på sovemaska
første stopp i London; Victoria Station
gåtur til Hyde Park, forbi Royal Albert Hall
ny spasertur, denne gang til Tate
...the banking district
den beste delen av bursdagsgåva mi: billettar til Diana Krall i Royal Albert Hall
!!!!
utydelig, men i dress og finaste kjolen
verdens beste kjæreste
...og fantastisk konsert.


Daniel overraska meg denne veka med ein todagarstur til England. Gjekk rundt til vi var såre på føttene og pensko på kvelden blei som fotterapi. Og gjekk rundt utan jakke, i 15 grader! Andre fine ting: Godiva, Starbucks, banen og mannen på bana som sang "Boogie Disease", Pop Life på Tate, badekar, Lush, deilig 6-retter på ein restaurant i Covent Garden og personlig rekord i å vere full på restaurant, Waitrose, BBC og <3

Litt kjipe ting: at eg ikkje hadde med kamera og vi måtte nøye oss med Daniel sin iPhone (som han har tatt sånn ca utelukkande bygningsbilder av), Half-term i England og dertilhøyrande folkemasser.

....og kanskje det aller beste; å sette meg på Flytoget og høyre dei beste orda ein kan høyre.

Wednesday, October 28

Posterdagdraumar








Eg fyller dagane på jobb surfing på allposters.com
Når eg kjem heim viser det seg at Daniel er meir keen på andre plakatar, andre fargar på flisene på golvet osv. Vi er kanskje på veg frå å vere ny og stormforelska til å bli meir akkurat passe forelska og akkurat passe kompromissvillige. Men før det skjer skal vi ut og fly. Eg veit ikkje kor, men eg veit når og kor lenge. Og at vi skal ha på oss det finaste vi har, og og og

....og sjølv om vi ser på plakatar og baderomsinteriør og et fiskegrateng til middag, så er eg framleis, etter 7 måneder, stormforelska.

Monday, October 19

Please forgive me

Sånn kan ein sovne inn ein søndagskveld; til ei kjærleikserklæring a la Bryan Adams. Og drømme om kva overraskelsen 29-31 oktober går ut på...
Og ønske at Ingvild i Oslo og familieidyll på Ås er noko varig og permanent, heller enn kun ein gang i blant. Sjølv om lammesteik, elgsteik, quality street og 2 x Verdens Beste kanskje er litt farlig i lengda. Men ein gang i blant er det heilt fantastisk med carnivore weekend, lange solnedgangar, vakkert haustlandskap og reserveforeldre.

...og frå og med ikveld blir det no more lonely nights på meg og Guro :)

Thursday, October 15

Har lyst på






Eg dagdrøymer om Corgi eller Beagle. Om eit år kanskje. Om vi får ein Corgi skal den kanskje heite Golu, in tribute to a certain very special girl. Enn så lenge ser eg på bilete og youtubeklipp av nydelige hundar, blir varm i hjartet og våt i auga.

Monday, October 12

Blakk

Plutseleg var eg blakk. Ikkje -10.000 på mastercardet, tomt kjøleskap og generell fortvilelse, men likefullt blakk. Det finst heldigvis fine halmstrå, som ein kjæreste som ikkje er blakk (, enda). Dessuten har eg funne ut at tom konto lærer blakk jente å bake brød. Deilige gulrotbrød med gresskarkjernar og flaksalt.

Og ellers var helga hyggelig. Lange spaserturar i finveret, scones blant brukte kondomar på Blåsen, deilig thaimat, innflyttingsvors i koseleg leiliget på Kampen og good times på Btiz. Deretter ein ganske uggen søndagsmorgon og ein akkurat passe sløv søndag full av pensum og trash tv. Perfekt oppladning til veke 42.

Friday, October 9

Broken Flowers

Eva har vore i Asia i 6 veker
I mellomtida har eg unngått å drepe nokon av fiskane i akvariet
...men plantene har det gått verre med.
Dei rosa rosene på Frogner har overlevd enn så lenge.

Og no er det helg. Utan det gode samvitet som følger etter ei flittig veke, men helg likefullt. Sol, fredagsaviser og Film fra Sør.

Tuesday, October 6

Tabbe!

Idag mottok ein liten innvandrerbutikk i Oslo (som sikkert har kun eitt kjøleskap til alle meierivarene sine) alle tineprodukta som ein Meny skulle hatt. 57 varelinjer, mange hundre ubrukelege litrar, og ei stressa lita familiebedrift. Årets tinetabbe, signert meg. Digg.
Oktoberforsett: sove meir, lese meir, trene meir og følge bedre med.

Monday, October 5

Hemingway




Eg har byrja å like Hemingway. Sånn halvvegs gjennom forelesingane om han, og mot slutten av A Farewell to Arms. Vil ikkje komme til slutten av den boka, veit at den sluttar trist og skulle ønske eg kunne legge den frå meg no og sjå for meg a happy ending. Han skriv veldig bra, særleg om korleis det kan vere å vere forelska. Slik som eg er no. Litt nyforelska.

Saturday, October 3

Vestlandsvér

Det regnar i Volda. Litt meir enn i Oslo. Dessutan skin sola nesten aldri. Den gløttar av og til fram mellom skyene, vi snur oss mot ho og vips så er ho borte. Men kva gjer vel regnver når ein har eit koseleg hus med fyr i peisen, bra stereoanlegg og ei hyggeleg og mildt handicappa mor. Dessutan Hemingway's A Farewell to Arms å lese og ein tekst om tenåringar sine kroppsideal å oversette.
Men snart er det slutt på bilkøyring, matlaging og einsomme netter. Imorgon flyr eg tilbake til Oslo, ti rosa roser og Daniel :)

Monday, September 28

Kulinarisk veke

Eg har ete godt den siste veka. To feiringar, to ti-retters middagar, mange glas vin og hygge i massevis. På onsdag feira eg, Ane og Ingvild sistnevntes A på Bacheloroppgåva med ti stort sett heilt fantastiske rettar på Palace Grill. Høgdepunkt; å smake på torsk, erter og bacon i soppbuljong og uttale at sjølv om eg ikkje liker torsk eller bacon, så elskar eg dette. Dessuten sat eg og irriterte meg over mannen som sat rygg i rygg med meg og stadig vekk kom borti stolen min. Plutseleg viser det seg at det er ein ganske berusa Stellan Skarsgård. Det kjipe var at av ti rettar var det kun ein kjøttrett, og istedenfor å vere noko fantastisk utsøkt, var det iberikogris. Hmf. Dessuten spelte dei ei heil Dire Straits-plate.

Torsdag morgon våkna eg opp på Ås til fortreffelig feriefrukost, spasertur i herlig høstluft og shopping i Ski. Fantastisk kvalitetstid med fantastiske Ingvild. Men etter den søte kløe (øhm, Ingvild) kjem den sure svie ( jobb og pensum). Catch-22 er altfor lang for ei stakkars udisiplinert jente...
...men heldigvis finst det fine unnskyldningar for å ta helg. Blant anna å feire 53årsdag med ti norske rettar og dertilhøyrande vin i kjellaren under Statholdergaarden. Digg! Sørlandsfiskesuppe var kveldens og kanskje årets kulinariske høgdepunkt. Dessuten fekk vi ein keitete kelnerlærling som besvarte våre forespørsler med frekke/flørtete blunk. Etterpå dro vi opp til Sagene og fekk ta og høyre på den nye Beatles-boksen. !!!

Ellers har helga vore koselig. 30årsfeiringa til Gaute (med marsipankake), søndagstur i den haustfarga Vigelandspark, hundekikking, lettrørthet, youtube og pittelitt pensumlesing. Og straks er det 6måneders <3

Friday, September 18

Sushi & Champagne

Eg og Daniel feira 5/6måneders denne veka. Kanskje siste solfylte verandamiddag i år, med såpass mange bitar tempura maki at vi unngjekk sure/sultne miner. Og etterpå bestilte vi påskeferie til Tokyo :)

...ellers har veka gått fort og plutseleg er det fredag. Har vaska vindu, lukta på årgammalt råttent fiskevatn, fått matchande tøflar, hatt vondt i foten, møtt sjuke venninner, lese litt i catch-22, skulka høstens første seminar og hatt to lange, deilige morgonar. Og no er det straks helg! Familiehygge hos Guro og Martin ikveld og utvida familiehygge med Ingvild, Eivind og Mariann imårra.

Yndlingslåt: Bon Iver - Skinny Love