

Eg har byrja å like Hemingway. Sånn halvvegs gjennom forelesingane om han, og mot slutten av A Farewell to Arms. Vil ikkje komme til slutten av den boka, veit at den sluttar trist og skulle ønske eg kunne legge den frå meg no og sjå for meg a happy ending. Han skriv veldig bra, særleg om korleis det kan vere å vere forelska. Slik som eg er no. Litt nyforelska.
No comments:
Post a Comment