Saturday, October 3

Vestlandsvér

Det regnar i Volda. Litt meir enn i Oslo. Dessutan skin sola nesten aldri. Den gløttar av og til fram mellom skyene, vi snur oss mot ho og vips så er ho borte. Men kva gjer vel regnver når ein har eit koseleg hus med fyr i peisen, bra stereoanlegg og ei hyggeleg og mildt handicappa mor. Dessutan Hemingway's A Farewell to Arms å lese og ein tekst om tenåringar sine kroppsideal å oversette.
Men snart er det slutt på bilkøyring, matlaging og einsomme netter. Imorgon flyr eg tilbake til Oslo, ti rosa roser og Daniel :)

No comments: