Eg har ete godt den siste veka. To feiringar, to ti-retters middagar, mange glas vin og hygge i massevis. På onsdag feira eg, Ane og Ingvild sistnevntes A på Bacheloroppgåva med ti stort sett heilt fantastiske rettar på Palace Grill. Høgdepunkt; å smake på torsk, erter og bacon i soppbuljong og uttale at sjølv om eg ikkje liker torsk eller bacon, så elskar eg dette. Dessuten sat eg og irriterte meg over mannen som sat rygg i rygg med meg og stadig vekk kom borti stolen min. Plutseleg viser det seg at det er ein ganske berusa Stellan Skarsgård. Det kjipe var at av ti rettar var det kun ein kjøttrett, og istedenfor å vere noko fantastisk utsøkt, var det iberikogris. Hmf. Dessuten spelte dei ei heil Dire Straits-plate.
Torsdag morgon våkna eg opp på Ås til fortreffelig feriefrukost, spasertur i herlig høstluft og shopping i Ski. Fantastisk kvalitetstid med fantastiske Ingvild. Men etter den søte kløe (øhm, Ingvild) kjem den sure svie ( jobb og pensum). Catch-22 er altfor lang for ei stakkars udisiplinert jente...
...men heldigvis finst det fine unnskyldningar for å ta helg. Blant anna å feire 53årsdag med ti norske rettar og dertilhøyrande vin i kjellaren under Statholdergaarden. Digg! Sørlandsfiskesuppe var kveldens og kanskje årets kulinariske høgdepunkt. Dessuten fekk vi ein keitete kelnerlærling som besvarte våre forespørsler med frekke/flørtete blunk. Etterpå dro vi opp til Sagene og fekk ta og høyre på den nye Beatles-boksen. !!!
Ellers har helga vore koselig. 30årsfeiringa til Gaute (med marsipankake), søndagstur i den haustfarga Vigelandspark, hundekikking, lettrørthet, youtube og pittelitt pensumlesing. Og straks er det 6måneders <3
No comments:
Post a Comment