Eg har vore på Sophus Bugges sidan klokka åtte idag. Ny personlig rekord 3 dagar før første semesteroppgave skal leverast :s
Inga kom samtidig og saman fann vi oss eit kollokvierom. Dermed har vi kviskra, ledd høgt, knaska knekkebrød og sukka utan å sjenere andre. Og lese, sjølvsagt.
No er eg snart ferdig med den eine av dei to oppgåvene mine. Skal berre fikse den o så store bibliografien. Blir deilig å ta banen heim, komme til dekka bord og kanskje ha samvittighet til ein times flau trashtv ikveld.
No comments:
Post a Comment