




Eg fyller dagane på jobb surfing på allposters.com
Når eg kjem heim viser det seg at Daniel er meir keen på andre plakatar, andre fargar på flisene på golvet osv. Vi er kanskje på veg frå å vere ny og stormforelska til å bli meir akkurat passe forelska og akkurat passe kompromissvillige. Men før det skjer skal vi ut og fly. Eg veit ikkje kor, men eg veit når og kor lenge. Og at vi skal ha på oss det finaste vi har, og og og
....og sjølv om vi ser på plakatar og baderomsinteriør og et fiskegrateng til middag, så er eg framleis, etter 7 måneder, stormforelska.
No comments:
Post a Comment