Sunday, January 11

2026

Starten på 2026 er kald og fin - endelig snø! Men det har vore tøft å gå frå 2 veker ferie til oppstart på jobb. Juleferien var litt slik: 


Tilberedning av saftig kalkun på julafta, langt unna Hjelp vi er på juleferie-kalkunen


Eg og barna handla juletre saman på circle K som vanlig, men ubetjent og rett før jul. Blei greit likevel - dette er ganske langt inn i gaveopninga



Eg og Frida spelte badminton tredje dag og såg denne himmelen  på veg heim frå BIP-hallen



Barna mata endene i Frognerparken etter å ha vore på overnatting på Sagene - Medan eg og Daniel hadde voksentid heime med Sushi, the beast in me og squash-trening. 



Las ut Mother Mary Comes To Me av Arundhati Roy (og det gode mennesket i Sandvika av Vigdis Hjorth)



Var på hyttetur med heile familien på Filefjell og fekk gått eit par skiturar. Falt berre ein gang. 


Vel heime blei det bygging av Lego og gjensyn med kvardagen. Håper vi er litt meir innkjørt i veke 3. 

Sunday, July 27

Sommarlov

 

 Det er mindre enn ei veke att til vi er heime igjen - sommaren var gått fort. Her låner Frida den nye hatten min (dyrker min indre Granny Frieda) 


Ellers har vi hatt rolige dagar i Grebo med mykje bading 

Fika

Og før Sverige var det Vestlandet med Giljastølen
Saman med Andreas og familien 

Og heilt i starten av ferien besøkte eg og barna mamma i Volda. 

Vi dro på ein vellykka dagstur til Hakallegarden

Og ein heller mislykka topptur til Vardehornet («jeg hater deg mamma!»)
Første finværsdag i Volda var vi turistar og dro til Geiranger. Eksotisk med gammal ferje 

Men lite visste vi at dette berre skulle bli den første av mange finversdagar denne ferien. Veret har vore over all forventning og støvlar og regnjakker blei liggjande ubrukt i kofferten i 2 veker på Vestlandet. 

Noko av det beste med denne sommarferien: 
- eindel leik mellom M og F, til og med leik aleine i ein stengt barnehage i Volda, mens eg fekk aleinetid
- matinspo og mindre kresne barn (når vi kjem heim vil eg lage både lasagne og Budapest-rullekake)
- masse bading både på Solastranda, på Giljastølen, på Nøtterøy og i basseng i Grebo
- litt lesing (eg og Frida er over halvvegs i Harry Potter and the Order of the Phoenix, eg held på med Confessions av Catherine Airey og blei nylig ferdig med Født av skyld av Joanna Elmy, Norsk Kjærleik av Brynjulf Jung Tjønn og Bloddråpetal av Ingrid Storholmen).
- turar, særleg på Vestlandet 
- kultur og museum (Vasamuseet i går, snart Skansen og Abba-museet i dag og på tirsdag, i øspøs regnvær, blir det besøk i Carl Larssons heim i Sundborn)
- shopping av hatt og fancy gul regnjakke

Håper dei siste to vekene av ferien også blir fine - blir litt digg å komme heim på onsdag. 





Friday, March 29

Osterlamm


I år laga eg Osterlamm for første gang. Fekk låne form av Nadja på jobben, men no må eg prøve å skaffe meg mi eiga form til neste år. Magnus var stor fan. 


Den årlige påskeeggjakta med Thorvald og Helmer på Palmesøndag. Magnus klarte nesten å springe i takt med dei andre (istedenfor å beine avgårde i forveien). 


Denne påska har vi stort sett vore heime, med unntak av to netter «hytteferie» på Sagene. Eksotisk for barna å bestille indisk frå foodora, ta bussen og vere turistar i eigen by. På onsdag fekk Magnus vere med på sitt livs første afternoon tea (inspirert av Bakemesterskapet på NRK) på A.C. Perchs og vi rakk ein tur innom Munch-museet og Nasjonalmuseet.
Kutting av påskelammkake-rester og banankake med pizzaskjærer.
Årets (og livets) største påskeegg på Sagene. 

Og elles har det blitt mykje sjokolade, to batches med hot cross buns, lese ut to danske bøker frå biblio (utregning av romfang 4 og Faen ta deg - den såg spennande ut for barna og var ein skikkelig pageturner og tankevekker), litt kryssord, litt quiz, svømming og masse påskeblomster. 

I morgon venter påskerebus og grilling på Spikkestad og på
Søndag: ekte, savoury påskelam. 


Wednesday, October 4

Haustferie reloaded

Plutseleg nesten 1000 år sidan førre gang eg skreiv her - og no fristar det å skrive her heller enn å rette dei siste to engelskstilane. Dette er siste året Frida har SFO, så barna er påmeldt tre dagar denne veka medan eg heng heime og prokrastinerer (dvs et kvikklunch, baker kringle, høyrer psykologi-podcast, går tur, svømmer i Nadderudhallen, småryddar og vaskar kle). 


I går tok vi med kveldsmat til Bogstad gård for å klappe sau og nyte haustfargar:


Elles har stølheten gitt seg etter å ha slått på Hegnin i helga: 

Og om to dagar reiser eg og barna opp igjen for å ha ei hausthelg saman med Martin og guttane. 


Ok, nok prokrastinering - rette dei to siste og så haustferie på ekte. 

Wednesday, June 3

Gul og blå

Dei siste vekene har det vore skule nesten som normalt, men elevane har vore delt inn i gule og blå grupper og hatt kvar sine dagar på skulen. Og akkurat når eg byrja å bli vant med det, så kom kontrabeskjeden om skule som normalt. Heldigvis er det snart sommarferie (mentalt er eg allereie på full fart inn i feriemodus). Og barna trivest med endelig litt meir normal kvardag i barnehagen.






Thursday, April 9

Skjærtorsdag

I dag har eg vore på Burudvann for fjerde gangen på tre dagar. Frida og Daniel overnatta der i telt frå tirsdag til onsdag, og så tok Magnus over for Frida frå onsdag til torsdag.




(ser no at båltenning i marka blir fraråda - gjekk heldigvis bra, stort sett)

Heime har det vore koselig å ha eitt barn om gangen. I går åt Frida og eg sushi og såg Kiki's Delivery Service - skikkelig kvalitetstid. Og no er det virkelig snart påske. Eg skal prøve å lage hot cross buns for første gang (prøver å lage candied Citrus Peel ikveld...) og vi må endeleg få malt egga. Rart å tenke på at vi egentlig skulle hatt vår siste fulle dag av Englandsferien i morgon og vore på eggleiting ved Anglesey Abbey.... Forhåpentligvis blir det ein koseleg og ikkje altfor lang langfredag.



Friday, March 27

Pannekakemiddag

No som vi er heime heile tida, prøver vi å imøtekomme ein del av middqgsønska til barna, utan at det blir altfor usunt eller einsformig (Magnus vil alltid ha spinatpasta, men prøver å trappe litt ned på det. Vi andre byrjar å bli lei - for meg er det snart 12 år sidan eg blei hekta på det). Så her ein dag blei det grove pannekaker a la Lise Finckenhagen


med sirup og sitron a min barndoms pannekakemiddagar.

Magnus og eg gjekk tur til toppen av trappene bak barnehagen.

Frida og eg tok eit altfor varmt bad

Magnus og meg med vekesplanlegger & Boka om den ville ungen

Magnus tester ut puffa ris (som vi aldri fekk ha heime, og som eg difor fråtsa i hos Linn) og Frida er på iPad...


Tuesday, March 24

Unntakstilstand

Vi har snart vore heime i to veker med begge barna og heimekontor. Dagane går litt inn i kvarandre, samtidig som undervisningstimeplanen skal følgast. Heldigvis har det vore fint ver, men det er vanskelig for Magnus å forstå at han no ikkje kan leike med alle nabobarna og i alle fall ikkje besøke nokon heime.

Det har vore solbrillever:


Og variert og stort sett god lunch og middag, her ein instagram-vennlig vegetarmiddag (i tillegg kom linser med fennikel, løk og ein overdose safran - Magnus hadde plutseleg helt resten av safranglaset i gryta):


Og dei store prosjekta for barna er:

  • bleieslutt for Magnus (går ganske bra) og 
  • at Frida skal lære å sykle (endelig!)



Saturday, August 10

Skrivestress

Dei siste vekene har barna gått i barnehage, Daniel har vore på jobb og eg har vore heime og stressa fram mot deadline. Det føles ikkje som ideell oppkøyring til eit nytt undervisningsår, men satser på at den siste fridagen (mandag!) blir fin, og så er det jo ikkje så aaaltfor lenge til haustferien. 

Men, heile sommaren har ikkje vore stress. I juli hadde vi stort sett skikkelig ferie. 
 Første etappe var ei veke hos Mamma/Granny i Volda.

Vi fekk feira 61-årsdag i britisk stil. 
 Etter ei veke i Volda joina ein solbrent Daniel oss, og vi reiste sørover til Naustdal.

 Her eit fellesbilde hos Silja, på vegen heimover.
3årsdagen til Magnus! Rett før avreise til Grebo.
Den varmaste helga på ei stund - deilig med airconditioning på Henie Onstad. 

Og nokre øyeblikk med søskenidyll. Ofte er det kamp om oppmerksomhet, høgt lydnivå og krangling,  men her er det upåklagelig god frokoststemning (klokka 07 på ein søndag), og ikveld, når eg og Frida er aleine heime og har hatt koselig jentedag, er likevel det siste ho seier før leggetid: "jeg savner Magnus. Det er mer gøy når han er her".