Det er mindre enn ei veke att til vi er heime igjen - sommaren var gått fort. Her låner Frida den nye hatten min (dyrker min indre Granny Frieda)
Ellers har vi hatt rolige dagar i Grebo med mykje bading
Og før Sverige var det Vestlandet med Giljastølen
Saman med Andreas og familien Og heilt i starten av ferien besøkte eg og barna mamma i Volda.
Vi dro på ein vellykka dagstur til Hakallegarden
Og ein heller mislykka topptur til Vardehornet («jeg hater deg mamma!»)
Første finværsdag i Volda var vi turistar og dro til Geiranger. Eksotisk med gammal ferje
Men lite visste vi at dette berre skulle bli den første av mange finversdagar denne ferien. Veret har vore over all forventning og støvlar og regnjakker blei liggjande ubrukt i kofferten i 2 veker på Vestlandet.
Noko av det beste med denne sommarferien:
- eindel leik mellom M og F, til og med leik aleine i ein stengt barnehage i Volda, mens eg fekk aleinetid
- matinspo og mindre kresne barn (når vi kjem heim vil eg lage både lasagne og Budapest-rullekake)
- masse bading både på Solastranda, på Giljastølen, på Nøtterøy og i basseng i Grebo
- litt lesing (eg og Frida er over halvvegs i Harry Potter and the Order of the Phoenix, eg held på med Confessions av Catherine Airey og blei nylig ferdig med Født av skyld av Joanna Elmy, Norsk Kjærleik av Brynjulf Jung Tjønn og Bloddråpetal av Ingrid Storholmen).
- turar, særleg på Vestlandet
- kultur og museum (Vasamuseet i går, snart Skansen og Abba-museet i dag og på tirsdag, i øspøs regnvær, blir det besøk i Carl Larssons heim i Sundborn)
- shopping av hatt og fancy gul regnjakke
Håper dei siste to vekene av ferien også blir fine - blir litt digg å komme heim på onsdag.










No comments:
Post a Comment