I år laga eg Osterlamm for første gang. Fekk låne form av Nadja på jobben, men no må eg prøve å skaffe meg mi eiga form til neste år. Magnus var stor fan.
Den årlige påskeeggjakta med Thorvald og Helmer på Palmesøndag. Magnus klarte nesten å springe i takt med dei andre (istedenfor å beine avgårde i forveien).
Denne påska har vi stort sett vore heime, med unntak av to netter «hytteferie» på Sagene. Eksotisk for barna å bestille indisk frå foodora, ta bussen og vere turistar i eigen by. På onsdag fekk Magnus vere med på sitt livs første afternoon tea (inspirert av Bakemesterskapet på NRK) på A.C. Perchs og vi rakk ein tur innom Munch-museet og Nasjonalmuseet.
Kutting av påskelammkake-rester og banankake med pizzaskjærer.
Årets (og livets) største påskeegg på Sagene.
Og elles har det blitt mykje sjokolade, to batches med hot cross buns, lese ut to danske bøker frå biblio (utregning av romfang 4 og Faen ta deg - den såg spennande ut for barna og var ein skikkelig pageturner og tankevekker), litt kryssord, litt quiz, svømming og masse påskeblomster.
I morgon venter påskerebus og grilling på Spikkestad og på
Søndag: ekte, savoury påskelam.
No comments:
Post a Comment