Sunday, February 6

Little Green Chair

Daniel etter ein stressande dag på skulen
Martin og Guro på besøk
Og Andreas, som har sove på sofaen den siste veka
Gjeeesp
Rannveig også på besøk. Med portvin.
Gledelig gjensyn når Andreas kjem heim frå skulen.

Idag har vore den store bestille-billetar-dagen. I byrjinga av april skal eg (og oppgåva) vere 10 dagar i England, så kjem vi heim og eg drar (helst utan oppgåva) til New York. Tredje påskedag flyr eg, Luna og oppgåva til Volda og er ei veke hos Mamma. Så må eg berre få til veiledning i dei få dagane imellom der, og satse på å ha eit superbra endelig utkast klart i byrjinga av mai.

Tuesday, February 1

So what?!

Eg var på veiledning idag og fekk beskjed om å stille meg dette spørsmålet når eg skriv. Fekk også beskjed om å vere mindre modest, å skyndte meg og tenke at eg har dårlig tid. For det har eg. Vil og må bli ferdig til 15 mai. Det er ikkje noko alternativ å utsette, vil ikkje avlyse sommarferien. Og vil kunne sei at eg har levert masteroppgåva når eg går på jobbintervju.

Ellers så har eg vore vertinne for tre røykluktande guttar det siste døgnet. Andreas ringte meg halv to i natt og fortalte at det brant i huset deira. Sjukt. Enda sjukare er det at Mamma har gått og snakka om brannfaren der sidan dei flytta inn. Og at to av tre ikkje hadde innboforsikring. Ikkje at eg har vore så flink til å forsikre meg, men har vore innboforsikra i ca eitt år. Og bur ikkje i eit trehus.

Nei, no må eg skru av tv'en, slutte å lese (og skrive) bloggar, gløyme at det ligg sjokolade i kjøkkenskuffen og vere flink jente. Skriveskriveskrive og leseleselese. Kanskje få meg ei speilvendt "normert tid" tatovering i panna?

Saturday, January 29

Sliten og sløv



Veit ikkje heilt kvifor eg føler meg sånn. Har i alle fall ikkje jobba særleg hardt i det siste, men likevel er alt meir slitsomt enn vanlig. Ikveld skulle eg vore på bursdagsfest, men klarte ikkje tanken på å ordne meg og komme meg avgårde.
Og særleg ikkje tanken på å drikke. Så, skal prøve å legge meg tidlig ikveld og håpe at eg våkner utkvilt og full av energi imorgon.

Luna har forresten vore veldig co-dependent idag. Vi var på posten idag tidlig, og eg bandt ho fast utanfor, slik som eg pleier. Men i motsetning til vanligvis var det skranke ledig med ein gang, og Luna mista meg av syne. Eg høyrer litt piping og plutselig har ho dratt seg laus, sneke seg inn døra og er på full fart rundt på posten for å finne meg. Litt sånn Homeward Bound-aktig. Postdama var i alle fall snill og sa at det ikkje gjorde noko, at ho var så søt, og at ingen av dei som jobba der den dagen var redde for hundar. *Må kjøpe ny og strammare sele*

Friday, January 28

Kvalitetstid

Eg var på Sebastien Bruno igår og handla inn noko som kunne passe saman med Ingvild og musserande. Dei beste: den kvite som var kvit sjokolade med vanilje, og den gule som var pasjonsfrukt. NAM!
Fekk nydelige tulipanar <3
Luna skulle vere med
Nydelige Ingvild

Unni og Arnstein kom etter kvart, og hadde med seg rødvin og enda fleire tulipanar. Og godt humør :)
Eg prøvde meg på min første gulasj med dumplings. Skummelt godt. Og enda skumlare, som eg ikkje rakk å ta bilde av før den var ete opp, var Apple Cinnamon Crumble med varm custard. Kjempegod & veldig mektig.

...idag skal eg straks halte meg opp på Blindern for å lese litt. Og halting blir det fordi eg gjekk på ski på onsdag og tryna X antall gangar på vegen nedover frå Ullevållseter til Sognsvann, på hardt underlag. Hadde lyst til å legge meg ned og grine, og på bana heim igjen tenkte eg litt på å la skia stå igjen på bana og stikke heim uten dei. Men. Neste gang blir sikkert bedre. For neste gang skal det vere nysnø på formiddagen ein vekedag. Sånn at det er lettare å bremse, mindre vondt å dette og færre folk som ser meg tryne.

Tuesday, January 25

Utkastinnleveringssperre

Bloggen blir aldri så hyppig oppdatert som når eg skulle gjort heilt andre ting...
Lagde digg middag igår
Med masse nudlar
Og så leika vi litt med Luna


Og no: skrive på the never-ending Chapter 2. Vil så gjerne blir ferdig, sånn at eg kan kladde meg ferdig med innleiing, levere og gå på The Wire-date ikveld med god samvittighet.

Monday, January 24

Pappa

Det var nydelig ver igår og vi tok turen ut til Bygdøy
Luna likte seg

Og det var sånn passe, ganske kaldt
Idag er det tåkete
Og rosene frå Pappa koser seg i stova

Og idag er det påen igjen med sunn & økonomisk mat. Og trening. Og skriving.

Sunday, January 23

Matlyst

På fredag var vi på etterlengta dobbeldate på Restaurant Eik
Veldig koselig å sjå Ingvild og Eivind igjen
Og første restaurantbesøk på altfor lenge for oss
Three down, two to go.
Martin og Guro var hundevakt, og Luna likte seg veldig godt på fanga deira
Og Pappa er på besøk :)

Igår laga eg dessutan lasagne for første gang på kanskje eit år, og trur eg satte personlig rekord i god lasagne. Med masse grønsaker i og ganske proff bechamelsaus.

Sunday, January 16

Seljord

Faren, stemora og lillebroren til Daniel bur i Seljord, så i helga tok vi ein tur dit for å feire 12-årsdagen til Eivind.
Katten og ballongane
På kjøkkenet
Luna på jakt etter edibles.
Kor er katten?
Ved kjøkkenbordet
Stolt storebror Daniel med den provisoriske bursdagskaka
12år gamle Eivind har nettopp blåst ut alle lysa på det melis-dekte Brownie-fjellet.
To stort sett gode venner
Begynner å bli klar for å dra
Vakker vinter
Gøy på landet
To stk Kvalem på tunet
Daniel og Luna i passasjersetet.
Forsiktig sjåfør på glatta

Vårt selskap tur-retur Seljord: Anne og Aleksander

Wednesday, January 12

Chapter 2

Eg har satt meg sjølv som frist å vere ferdig med eit utkast på fredag. Det går ganske dårlig. Alt fristar meir enn å lese og skrive.
Som å lage mat - årets mest suksessfulle middag: Indisk safrankylling.
Eller vere flink og få i meg dagens 5 frukt og grønt (og obligatoriske marsipan)

Eller sjå Daniel og Luna danse i gangen.

I det siste fristar både trening, rydding(!?!) og snusing på PPU meir enn masterskriving. Men fredag skal det liksom skje. Og etter den søte kløe kjem den sure svie... eller noko sånnt. Vi skal ihvertfall til Seljord i helga.

Sunday, January 9

Ski o'hoi

Eg har kjøpt meg ski(!). Flaut å vere norsk, frå distrikta, men likevel ikkje ha gått på ski på over ti år.
Igår tok Andreas meg med ut på ski, og eg følte meg virkelig som Bambi på isen. Berre ikkje så søt :P
Tryna ein gang i oppoverbakkane mot Ullevållseter og fire gangar i nedoverbakke. Og bremsa både ved å ploge, og ved å sette alle fem hanskekledte fingrar ned i snøen i fart....
Stakkars vakre små hanskar. Ikkje skapt for å dra på ski/tryne-tur med.
Andreas var heilt fantastisk. Tolmodig, oppbyggande og uvurderlig ved å ta seg av Luna.
Deilig å vere på banen heim igjen - som kom akkurat då vi kom bort til perrongen :)
Vel heime merka eg at tryning i snø og mascara ikkje ser så hot ut.

Og idag er eg mindre støl enn forventa, men kanskje det lar vente på seg til imårra? Det var ihvertfall veldig kjekt, sjølv om det var flaut å vere så ute av det. Følte meg absolutt meir engelsk enn norsk nokre timar igår...

...og idag er det på tide å prøve og vere flink masterstudent, og følge opp det nyttårsforsettet som er vanskeligast, nemlig å bli ryddigare.

Sunday, January 2

Nyttårsløfte

Det føles som om det er den første dagen i det nye året idag. Igår blei nemlig litt handikappa pga mega-fyllesjuk kjæreste. Dessutan var eg ikkje noko flink til å følge opp nyttårsløfta mine, som er:
-Vere meir økonomisk, planlegge vekesmenyar, sette av pengar til sparing.
-Vere meir sosial. Sei ja til ting eg gruer meg litt for. Pleie vennskap og fornye kontakt.
-Lese fleire bøker, og ikkje nødvendigvis vente til etter 15 mai, sjølv om det gjerne blir litt fleire skjønnlitterære bøker etter masterinnleveringa...
-Vere flink til å trene.
-Pusse skoa mine og sørge for at dei ikkje blir ødelagt av salt-snø på ein-to-tre.
-Levere masteroppgåva til normert tid og søke jobb.
-Bli meir RYDDIG.
-Pleie kjærleiken.

Og når det gjeld det med trening har eg og Daniel meldt oss inn i Elixia for å kickstarte året. Eg utnyttar meg av det same tilbudet som eg gjorde for to år sidan, nemlig nokre få hundre kroner for å trene i januar og februar, utan binding. Litt dårlig gjort mot Elixia, men ganske fint for meg.